Faktaboks

Hallvard Heggtveit

Hallvard Gunleikson Heggtveit

Fødd
22. juni 1850, Kviteseid, Vestfold og Telemark
Død
16. november 1924, Kristiania (Oslo)

Hallvard Heggtveit var lærar, klokkar og kyrkjehistorisk forfattar. Heggtveit var særleg oppteken av haugianismen si rolle i norsk kyrkjehistorie. Han var òg folkeminnesamlar.

Bakgrunn

Hallvard Heggtveit var fødd i Kviteseid i Telemark. Han tok eksamen ved Kviteseid lærarskule i 1869 og ved skulelærarseminaret på Holt ved Arendal i 1872. Han var tilsett som lærar ved fleire skular i Telemark før han blei tilsett ved Kristiania allmueskole frå 1878. Heggtveit var klokkar i Trefoldighetskyrkja i Kristiania frå 1886 til han søkte avskil i 1922.

Heggtveit var redaktør for bladet Hjemmet 1881–1886 og Børnebibliotheket i 1882–1893 og var medredaktør av For Fattig og Rig 1883–1890.

Kyrkjehistorisk forfattar

Heggtveit var ikkje ein skulert historikar, men publiserte to større kyrkjehistoriske arbeid. Illustreret Kirkehistorie (1891–1895) var den første større populære kyrkjehistoria i Noreg og fekk stor utbreiing.

Hovudarbeidet hans var Den norske kirke i det nittende Aarhundrede (1905–1920), eit omfattande verk på 1300 sider. Trass i det store omfanget var framstillinga berre ført fram til 1850. I første rekkje har verket verdi som kjeldeskrift til haugerørsla. Perioden frå 1800 til 1850 har overskrifta «Haugianismens Tid», eit vitnemål om Heggtveits høge vurdering av denne rørsla.

Folkeminnesamlaren

Han samla òg folkeminne, og under psevdonymet Olav Nordmann gav han ut vise- og stevsamlinga Lurlåt (1897). Han medverka til at folkevisene som Olea Crøger hadde nedteikna, blei berga for ettertida, og han gav ut boka Olea Crøger (1918) saman med folkeminnegranskaren Rikard Berge.

Heggtveit var sekretær for komiteen som sende ut oppropet «Til Christendommens Venner i vort Land» med føremålet å mobilisere kyrkjefolket mot venstrepolitikken.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Einar Molland: Norges kirkehistorie i det 19. århundre, bd. 2. Oslo 1979

Faktaboks

Hallvard Heggtveit
Historisk befolkingsregister-ID
pf01053257022542

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg