Faktaboks

Halvdan Koht
Fødd
7. juli 1873, Tromsø
Død
12. desember 1965, Bærum
Verke
Historiker og politiker
Familie

Foreldre: Overlærar og stortingsmann Paul Steenstrup Koht (1844–1892) og Betty Giæver (1845–1936).

Gift 29.9.1898 i Kristiania med lærar Karen Elisabeth Grude (1871–1960).

Svigerson av Martin Adolf Grude (1841–1918); far til Åse Gruda Skard (1905–1985) og Paul Gruda Koht (1913–2002); svigerfar til Sigmund Skard (1903–1995); morfar til Torild Skard (1936–) og Målfrid Grude Flekkøy (1936–2013).

Halvdan Koht, fotografert i 1933
Halvdan Koht var ein norsk historikar og politikar for Arbeidarpartiet. Han kom tidleg i kontakt med målrørsla, og vart etter kvart den framste språkpolitikaren i Arbeidarpartiet og var pådrivar for språkreforma i 1938, som hadde som langsiktig mål å byggje eit samnorsk skriftmål. Som utanriksminister frå 1935 til 1941 førte han ein nøytralitetspolitikk, og etter andre verdskrigen ga mange han skulda for at Noreg vart okkupert. Seinare historikarar har gitt eit meir nyansert syn på saka.
Av /Nasjonalbiblioteket.

Halvdan Koht var ein norsk historikar og politikar for Arbeidarpartiet. Frå 1910 til 1935 var han professor i historie, og frå 1935 til 1941 var han utanriksminister. Han var utanriksminister då Nazi-Tyskland okkuperte Noreg 9. april 1940 og var ein omstridd mann både under og etter andre verdskrigen.

Koht var ein av dei mest framståande personane i norsk akademisk og politisk liv i første halvdel av 1900-talet. I 1900 vart han universitetsstipendiat, i 1908 dr.philos. og dosent i historie. I 1910 vart han professor i historie ved Universitetet i Kristiania, og han var ei markant røyst i historikarmiljøet. Han var språkmektig og hadde eit omfattande internasjonalt nettverk.

Koht kom tidleg i kontakt med målrørsla. Han vart òg etter kvart den fremste språkpolitikaren i Arbeidarpartiet og var pådrivar for språkreforma i 1938, som hadde som langsiktig mål å byggje eit samnorsk skriftmål.

I 1935 vart Koht utanriksminister i Johan Nygaardsvolds Arbeidarpartiregjering (frå 1940 kalt Londonregjeringa). Då den norske nøytralitetspolitikken mislukkast og Noreg vart okkupert av Tyskland i 1940, fekk Koht av mange hovudskulda for at Noreg var dårleg førebudd på krig. I 1941 måtte han gå av som utanriksminister, men han gav aldri opp kampen for ettermælet sitt.

Koht var internasjonalist, fredselskar, men òg nasjonalist, einerådig, men samtidig eit varmt menneske. Samtidig som hans posisjon som ein av dei viktigaste norske historikarane til 1900-talet er heva over tvil, har rolla hans som utanriksminister vore svært omdiskutert.

Bakgrunn og utdanning

Halvdan Koht som ung
Av /Bø Museum.

Koht voks opp i Tromsø, som den nest eldste i ein søskenflokk på fire. Familien tilhøyrde kjøpmanns- og embetsmannsmiljøet i byen. Faren var overlærar ved latinskulane i Tromsø og Skien, leiar for Tromsø Arbeidersamfunn, ordførar i Tromsø og Skien, og han representerte VenstreStortinget i perioden 1889–1891 og fram til sin død 1892. Mora verka som timelærar og meistra song, språk og teikning. Familien flytta til Skien då Halvdan var 12 år gammal, og budde der til 1893, då dei etter at faren døydde flytta til Bekkelaget i Østre Aker.

Reaksjonar på dei nordnorske talemåla hans i skiensmiljøet, inspirasjon frå faren og møtet med bondekulturen i Telemark sommaren 1891 fekk Koht til å velje landsmål (nynorsk) som skriftspråket sitt, med ei svært personleg rettskriving. Han tok examen artium i 1890, og etter filologistudium ved universitetet i Kristiania tok han språkleg-historisk embetseksamen i 1896. Av lærarane ved universitetet knytte han seg sterkast til professor Gustav Storm.

Under eit stipendopphald i utlandet i åra 1897–1899 studerte Koht i København under Kristian Erslev, i Leipzig under Karl Lamprecht og i Paris. Tema for studieopphalda var mellomalderhistoria, som Koht såg på som grunnleggjande for det moderne Europa. Tida frå 1890 fram til 1905 var ikkje berre prega av fagleg, men òg politisk utvikling. Han var ein aktiv deltakar i norskdomsrørsla og ansvarleg for utanriksstoffet i bladet Den 17de Mai.

Unionsoppløysinga i 1905 vart eit tidsskilje for Koht, men òg eit nederlag for republikken han hadde arbeidd for. Den internasjonale utsyna førte han til arbeid av internasjonal karakter, som fredsarbeidet. Etter kvart gjekk han over frå Venstre til Arbeidarpartiet, som han røysta på frå 1900. Forandringa i det politiske synet var prega av solidaritet med den nye underklassen og kjensla av at framtida låg hos arbeidarrørsla.

Våren 1900 overtok Koht arbeidet med Jens Braage Halvorsens Norsk Forfatter-lexikon etter dennes død, og fram til 1908 fullførte han det femte og sjette bindet av verket. Det kravde store bibliografiske og biografiske kunnskapar og nøyaktigheit. Parallelt med dette arbeidet hadde han i åra 1901–1907 stilling som adjunktstipendiat ved universitetet i Kristiania. I 1908 tok han den filosofiske doktorgraden, og same år blei han utnemnd til dosent i historie ved universitetet.

Historikar

Halvdan Koht
I sitt emneval spenner Koht vidare enn nokon annan norsk historikar. Han skreiv om både norsk mellomalder, hendingane i 1814, bonde- og arbeidarrørsla og eigne opplevingar under og etter andre verdskrigen. Halvdan Koht på arbeidsrommet, ukjent dato.
Av /Nasjonalbiblioteket.

Klassekamp og eit materialistisk historiesyn

Portrettfoto av Karen Grude Koht (1871-1960) og Halvdan Koht (1873-1965), 1904
Koht bygde opp ein teori der bonderørsla på 1800-talet endra mål og funksjon frå å kjempe for klasseinteressene sine til etter kvart å hevde allmenne, universelle krav. Kampen til arbeidarrørsla måtte etter Kohts meining sjåast i same perspektiv. Han så for seg den norske historiske utviklinga slik at først bøndene og deretter arbeidarane gjennom kamp vann fram til samfunnsmakt.

I sitt emneval spenner Koht vidare enn nokon annan norsk historikar. I åra 1908–1909 oppheldt han seg i USA, noko som fekk mykje å seie for at han tileigna seg eit materialistisk historiesyn og utvikla teorien om at klassekamp og nasjonal eining var ledd i same historiske prosess – kanskje hans mest originale bidrag til norsk historieforsking. Teorien forma han gjennom artiklar og enkeltverk i åra 1905–1926, med Norsk bondereising som det sentrale verket. Her trekkjer Koht ei linje mellom dei to periodane han framfor alt interesserte seg for: mellomalderen og 1800-talet. Tematisk tok han utgangspunkt i bonderørsla og interessekonflikten mellom bondesamfunnet og dei styrande klassane, embetsstanden og byborgarane.

Koht bygde opp ein teori der bonderørsla på 1800-talet, under påtrykk frå andre grupper, endra mål og funksjon frå å kjempe for klasseinteressene sine til etter kvart å hevde allmenne, universelle krav, noko som skjedde med Johan Sverdrup og danninga av Venstre. Kampen til arbeidarrørsla måtte etter Kohts meining sjåast i same perspektiv. Han så for seg den norske historiske utviklinga slik at først bøndene og deretter arbeidarane gjennom kamp vann fram til samfunnsmakt. Slik vart den norske nasjonen rikare og meir demokratisk. Her skilde han seg frå ein del andre representantar for den marxistiske materialismen (dialektisk materialisme). Medan mange i arbeidarrørsla meinte at det var ein djup motsetnad mellom klassekamp og nasjonal strid, var det for Koht to sider av same sak, og dette synet tok han med seg inn i politikken.

Koht formulerte teorien nærmast som ein generell teori, noko som dei sentrale avslutningsorda i avhandlinga Bonde mot borgar i nynorsk historie viser: «Kvar gong nye klassar slo seg fram i samfunnsarbeidet, blei heile nasjonen vidare og rikare.» Det universelle trekket til teorien prøvde han å underbyggje ved å gjere det gjeldande òg for amerikansk historie, som i Den amerikanske nasjon i upphav og reising.

Utviklinga av eit materialistisk historiesyn skjedde parallelt. Opphaldet i USA gav avgjerande impulsar, men først med foredraget Prisar og politikk i norsk historie (1912) hadde Koht komme fram til eit avklart syn. Medan han rundt 1905 hadde konsentrert seg om dei politiske og kulturelle faktorars rolle i historia, såg han no på økonomien og klassekampen som grunnleggjande; «kampen for føda» var ei grunnleggjande drivkraft i samfunnsutviklinga, sa han på denne tida. Likevel hadde han ambisjonar om å knyte saman materialisme og idealisme, noko som spegla seg av i hans interesse for psykologi og for enkeltmennesket.

Biografiar

I den samanhengen må han reknast som ein av dei store biografane til 1900-talet: Til 1. utgåve av Norsk biografisk leksikon bidrog han med over 400 artiklar, ved sida av større arbeid som den store biografien om Johan Sverdrup (1918–1925) og tobindsbiografien Henrik Ibsen, Eit diktarliv (1928–1929).

Mellomalder og sagalitteratur

Koht var den første som konsekvent nytta moderne kjeldekritikksagalitteraturen. Her bidrog han til ei grunnleggjande nyorientering med foredraget Sagaernes opfatning av vor gamle historie (1914). Koht hevda at Snorres Heimskringla i stor grad var prega av samfunnskonfliktane på 1200-talet. Fokus blei skifta frå å sjå på Snorres eigen rapport om forholda i sagatida til å sjå på Snorres sagaer som ei kjelde til hans eiga tid, 1200-talet.

Kohts arbeid betydde eit brot med tidlegare oppfatningar av norsk historie og opna for eit nytt syn på maktforholda i hundreåra før og etter den norske rikssamlinga. Koht såg norsk mellomalderhistorie som ein parallell vekst av kongens, herredømmet til aristokratiet og kyrkja på bekostning av det gamle ættesamfunnet. I staden for å operere med eit motsetningsforhold mellom konge og adel, slik historikarar hadde gjort før, la Koht vekt på at kongemakt og adelsmakt hadde felles interesser i ei fastare politisk riksorganisering.

Arbeidene om norsk mellomalderhistorie gav Koht ut i 1921 under tittelen Innhogg og utsyn i norsk historie.

1814

Koht gjorde seg òg gjeldande på andre felt, særleg innanfor 1814-forskinga. Her tok han opp arva frå Ernst Sars, som hadde sett 1814 som eit resultat av ei indre nasjonal vekst og verkeleggjeringa av dei demokratiske ideala til opplysingstida i Noreg. Koht framheva 1814 som eit resultat òg av ein klassekamp mellom ein overklasse og ein underklasse.

Koht finn heile tida spenningar av same art, sosiale folkereisingar som også får nasjonale mål fordi dei er retta mot eit framand herredømme. Det same motivet påviser han i tysk og i amerikansk historie (Genesis of American Independence, 1910). Dette synet gjorde Koht til målmann; han står som ein sentral figur i nynorsk kulturreising.

Seinare verk

Etter andre verdskrigen forfatta han fleire forsvarsskrifter for dei politiske handlingane sine før krigen og sjølvbiografiske bøker.

Seinare skreiv han serien Kriseår i norsk historie (6 bind 1950–1959). Med utgangspunkt i sentrale historiske aktørar tok han for seg avgjerande år i norsk historie frå Harald Hårfagres rikssamling fram til innføringa av eineveldet i 1660.

Verv og roller

I 1910 vart Koht utnemnd til professor i historie, ei stilling han hadde til 1935. I åra 1915–1917 var han dessutan dekanus ved Det historisk-filosofiske fakultetet. I åra som følgde, var han ei drivande kraft innanfor dei historiske organisasjonane, både nasjonalt og internasjonalt. I åra 1912–1927 og 1932–1936 var han formann i Den norske historiske foreining og frå 1928 til 1940 formann i Norsk Slektshistorisk Foreining. I 1926 var han med på å stifte Comité International des Sciences Historiques, den internasjonale historikarorganisasjonen, og han var president der fram til 1933.

Halvdan Koht var medlem av Videnskabsselskabet i Kristiania (no Det Norske Videnskaps-Akademi) frå 1908 og vekselvis preses og visepreses der i åra 1923–1939. Han var æresdoktor ved fleire utanlandske universitet, som Oxford, Chicago og Warszawa, medlem av ei rekkje utanlandske vitskapsselskap og riddar av den franske Æreslegionen. I 1952 fekk han Gunnerusmedaljen frå Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab.

Koht spelte ei framståande rolle i internasjonal forsking og forskingsorganisasjon. Staten brukte han som forhandlar med Danmark i Grønlands- og arkivsaka.

Språkpolitikar

Halvdan Koht

Koht arbeidde for at Arbeidarpartiet skulle ta opp målsaka. Målet var ei samling av dei to skriftspråka på folkeleg grunnlag. Denne linja – samnorsk – fekk han gjennomslag for i Arbeidarpartiet. Foto frå 1938. Frå Norsk biografisk leksikon.

Halvdan Koht
Av /Gyldendal Norsk Forlag.

Koht melde seg 1911 inn i Arbeidarpartiet, og han blei ein leiande lokalpolitikar i kommunestyret i Bærum i åra 1917–1919 og 1929–1937. Sentralt arbeidde han for at Arbeidarpartiet skulle ta opp målsaka. I Arbeidarreising og målspørsmål (1921), skrive på oppmoding frå Arbeidarpartiet, gjorde greie for Koht for den kulturpolitiske draumen sin, samlinga av dei to skriftspråka på folkeleg grunnlag, som også innebar ein djupare nasjonal solidaritet og integrasjon. Denne linja – samnorsk – fekk han gjennomslag for i Arbeidarpartiet. I den samanhengen skreiv han at «sosialisme er den høgste form for nasjonaltanke». Koht følgde dermed opp tanken om ein «nasjonal samvokster» av bønder og arbeidarar også på det språklege området.

Frå 1921 til 1925 var han leiar i Noregs Mållag. I 1936 fekk han Arbeidarpartiet til å programfeste språkreform bygd på folkemålet, og to år etter var han med på å føre den nye rettskrivingsnorma og det radikale samnorskprosjektet i hamn. Språkreforma i 1938, der Koht stod sentralt, var det mest konkrete uttrykket for språksynet til Koht. Reforma opna for ei rekkje nye former og la til rette for ei tilnærming mellom bokmål og nynorsk. Men den nye rettskrivinga møtte motstand både i delar av målrørsla og frå riksmålshald, og samnorsken vart berre utvikla eit stykke på veg, først og fremst som språket til byråkratiet. Etter andre verdskrigen vart samnorskpolitikken gradvis lagd til side.

Utanriksminister (1935–1941)

Regjeringa Nygaardsvold
Regjeringa Johan Nygaardsvold, 1935. Utanriksminister Halvdan Koht er nummer tre fra venstre, til høgre for han står statsminister Nygaardsvold.

I 1935 vart Koht utnemnd til utanriksminister i Johan Nygaardsvolds regjering. Kohts handtering av utanrikspolitikken i samband med andre verdskrigen og den tyske okkupasjonen av Noreg vart sterkt kritisert etter 1945 – han vart i stor grad gjort til syndebukk for at Noreg vart overfalt av tyskarane 9. april. Nyare forsking har moderert dette biletet.

Nøytralitetspolitikken

Halvdan Koht

Noregs utanriksminister Halvdan Koht (til venstre) talar i radio frå Washington D.C. i 1937. Kohts utanrikspolitikk var først og fremst ein streng nøytralitetspolitikk.

Av /Library of Congress.
De nordiske kongene samt Finlands president med utanriksministrar ved kongemøtet i Stockholm 18. oktober 1939
Etter krigsutbrotet i september 1939 vart oppgåva å hevde nøytraliteten, noko Koht la stor kraft i. Koht (nummer to frå høgre) under kongemøtet i Stockholm i oktober 1939. I midten står kongane Haakon 7. (nummer fire frå venstre), Gustav 5. og Christian 10.

For Koht, som hadde vore aktiv i fredsrørsla i heile sitt vaksne liv, mellom anna som formann i Noregs Fredsforening frå 1900 til 1902 og medlem av Stortingets Nobelkomité frå 1919 til 1936, var det overordna mål å halde Noreg utanfor ein storkrig. Han såg på militarisering og opprusting som eit konfliktskapande moment i det hardare internasjonale klimaet i 1930-åra, og han prøvde å unngå å provosere stormaktene. Såleis gjekk han ut av Nobelkomiteen då fredsprisen i 1936 vart gitt til den tyske Adolf Hitler-motstandaren Carl von Ossietzky.

Koht vart utanriksminister på eit tidspunkt då forholdet mellom stormaktene for alvor byrja å spisse seg til. Han ville halde fram med å føre utanrikspolitikken innanfor ramma av Folkeforbundet. Men nederlaget for Folkeforbundet i Etiopia-krigen (1935–1936) førte til ei omvurdering. Koht meinte no at Noreg måtte seie seg laus frå sanksjonsreglane i Folkeforbunds-pakta, men utan å gå ut av sjølve Forbundet. Etter dette vart Kohts utanrikspolitikk først og fremst ein streng nøytralitetspolitikk, sjølv om han ikkje ville gå så langt som til å halde Noreg utanfor alle moglege Folkeforbunds-aksjonar.

Forsvarsordninga av 1933 føresette eit tett samarbeid mellom utanriks- og forsvarsleiinga, noko som ikkje kom til å skje i Kohts ministertid. Han prøvde å bidra positivt til freden gjennom ulike framstøytar som likevel fekk lite å seie under den aukande stormaktsspenninga. Han var redd for å understreke for sterkt den stigande uvissa i internasjonale forhold fordi det kunne gi grunnlag for ein forsterka forsvarsagitasjon. Likevel gjekk han i 1936 inn for ekstraordinære løyvingar til forsvaret, som ei følgje av den tilspissa internasjonale situasjonen. Samtidig heldt han fast ved at Noreg skulle byggje eit nøytralitetsvern, ikkje eit invasjonsforsvar.

Militære spørsmål var Kohts svakaste punkt. Internt i regjeringa stod han saman med Nygaardsvold for ei meir forsvarsskeptisk linje. Dei var på linje med eit fleirtal i det tradisjonelt antimilitaristiske Arbeidarpartiet, men ikkje med alle av den yngre garden i partiet.

Etter krigsutbrotet i september 1939 vart oppgåva å hevde nøytraliteten, noko Koht la stor kraft i. Balansegangen var vanskeleg, og til sjuande og sist var det eitt omsyn som talde mest for Koht og regjeringa: Noreg måtte i alle tilfelle ikkje kome i krig med Storbritannia. Når det gjaldt det større strategiske biletet, støtta Koht seg til tanken om at Noreg låg trygt plassert bak britiske linjer og eigne kystfestningar. Samtidig meinte han at Adolf Hitler såg seg tent med å halde Norden utanfor krigen.

Dette førte til at Koht ikkje tolka signala om eit tysk angrep rett, i alle fall ikkje som så alvorlege at han såg behov for å leggje dei fram for regjeringa eller forsvarsleiinga. På dette punktet retta Undersøkelseskommisjonen av 1945 hard kritikk mot Koht. Biletet har blitt nyansert i nyare tid, og ein har lagt vekt på at dei tradisjonelle strategiske framsyningane hindra ei rett tolking; at Tyskland skulle angripe Noreg vart rett og slett regna for usannsynleg. Det har òg blitt peika på at meldingane var uklare, og at britane heller ikkje tolka signala rett.

Londonregjeringa

Halvdan Koht i konferanse med statsrådssekretær Tostrup, Molde, april 1940
Halvdan Koht i konferanse med statsrådssekretær Tostrup, Molde, april 1940
Av /NTB.

Trass i den tyske overmakta valde regjeringa motstand då angrepet kom, og Koht var klar i motstandshaldninga si. Han stod for det første møtet med den tyske sendemannen, Curt Bräuer, der dei tyske krava blei avviste og kampen valde. Møtet med Bräuer har han sjølv skrive om i boka Frå skanse til skanse. Under flukta gjennom Noreg våren 1940 skreiv Koht fleire av radiotalane til kong Haakon 7., og han gjorde ein stor innsats i arbeidet med dei såkalla Kvitbøkene, som var ledd i opplysningsarbeidet til regjeringa etter overfallet.

19. juni 1940 kom Koht til London (sjå Londonregjeringa). Dermed byrja ei vanskeleg tid, som skulle ende med at han gjekk av som utanriksminister i november same år. Londontida vart vanskeleg av fleire grunnar. For det første var det hardt å vere landflyktig. Sjølv skreiv han: «Tanken på at vi på uviss tid, for dei eldste av oss kanskje for resten av livstida, var skilde frå heimlandet, måtte tære på oss.» Men det var i første rekkje konfliktar i regjeringa som gav grobotn for misstemninga, ikkje minst mellom Koht og Trygve Lie. På denne tida var det byrja å vekse fram djupe skilje, som til dels trekte næring frå tida i Noreg, men ikkje minst frå usemje om korleis Noreg som alliert skulle forhalde seg til Storbritannia. Gnissingane tok òg farge av at Koht sjølv vart oppfatta som eigenrådig. Sjølv kunne han seie at «eg førar min eigen utanrikspolitikk». Dette passa ikkje godt saman med den nye utanrikspolitiske situasjonen Noreg no var i.

Koht gjekk snart av, reelt den 22. november 1940, formelt den 21. februar 1941. Årsaka var ikkje minst at han vart identifisert med nøytralitetspolitikken i førkrigstida og vart vurdert som for tilbakehaldande i forholdet sitt til Storbritannia. Han var skeptisk til at Noreg, som låg i skjeringspunktet mellom aust og vest, knytte seg for einsidig til dei vestallierte og på den måten kunne risikere å øydeleggje forholdet til Sovjetunionen.

I februar 1941 reiste Koht over til Canada og USA, til ein periode prega av depresjon, skuldkjensle og isolasjon. Han busette seg i Washington, D.C. hos dottera Åse Gruda Skard og svigersonen Sigmund Skard, der han blei til frigjeringa 1945. Her utvikla han eit nært forhald til borneborna Torild og Målfrid.

Kritikk

Stortingets Undersøkingskommisjon av 1945 etter krigen gav Koht kritikk, først og fremst for at han ikkje hadde teke varsla om eit tysk angrep alvorleg nok. Han ba då om å bli stilt for riksrett, men det fann Stortinget unødvendig. Kohts utanrikspolitikk har elles ofte vore kritisert hardare enn det Undersøkingskommisjonen fann grunnlag for å gjere. Kohts eigne vurderingar kan ein finne i Norsk utanrikspolitikk fram til 9. april 1940, Frå skanse til skanse (begge 1947) og For fred og fridom i krigstid (1957).

Koht streva med å bli akseptert etter heimkomsten til Noreg etter krigen. I åra som følgde, vende han tilbake til forfattarskapen og skreiv ei rekkje bøker med historiske emne.

Ettertidas vurdering

Halvdan Koht som 84-åring i heimen sin på Lysaker, 1957
Samtidig som Kohts posisjon som ein av dei viktigaste norske historikarane til 1900-talet er heva over tvil, har rolla hans som utanriksminister vore svært omdiskutert.
Halvdan Koht som 84-åring i heimen sin på Lysaker, 1957
Av /NTB.

Koht som historikar

Koht favna over vide interessefelt gjennom sitt lange liv, både innan historiefaget, politikken og målrørsla. Det vitnar om ei arbeidslyst og arbeidsevne utan sidestykke og om evner som førte til store resultat, men også kostnader på det private planet. Sjølv gav han uttrykk for at han ikkje var heilt fornøgd med innsatsen sin som historikar. Han hadde kjensla av at han ikkje hadde nådd heilt fram og at det var noko som mangla. Med det tenkte han vel på at han mangla eit hovudverk, der hans syn på den norske historia kunne ha blitt presentert i eit heilskapleg perspektiv. Det må i staden søkjast fleire stader i ein forfattarskap som består av mange artiklar (derav meir enn 200 i Historisk tidsskrift), større og mindre biografiar og monografiar, både populære og akademiske arbeider.

Likevel står Halvdan Koht som ei av norsk historieforskings sentrale og mest innverknadsrike skikkelsar i første halvdel av 1900-talet. Stilen hans som historikar kan best karakteriserast ved tittelen han sjølv sette på ei samling av artiklar og avhandlingar frå 1920-åra, Innhogg og utsyn. Innhogget gjorde han i historia, gjerne ved drøfting av enkeltsaker og hendingar. Men sjølv om han konsentrerte seg om eit lite og avgrensa felt, førte han altid inn utsyna – evna til å setje det konkrete inn i ein større samanheng.

Koht som politikar

Kohts ettermæle som politikar er samansett. Sjølv om han spelte ei sentral rolle i Nygaardsvolds regjering og viste ein klar motstandsvilje frå 9. april, skyggjer samanbrotet for nøytralitetspolitikken over det positive.

Heller ikkje i den språkpolitiske og nasjonale visjonen sin nådde Koht heilt fram. Samnorskprosjektet vann ikkje gehør i befolkninga, og samnorsken blei berre utvikla eit stykke på veg, først og fremst som språket til byråkratiet. Element av Kohts tankegods, som ideen om forholdet mellom klassekamp og nasjonal utvikling, gjekk likevel inn i den sosialdemokratiske ideologien som var ein av grunnpilarane til Fellesprogrammet av 1945.

Familie

Familieportrett, Halvdan Koht og kona Karen med dottera Åse i 1907
Av /Nasjonalbiblioteket.
Lisens: CC BY 2.0

I 1898 hadde Koht gifta seg med lærarinna og kvinnesakskvinna Karen Grude frå Jæren. Dei fekk tre barn, men berre dei to yngste, Åse Gruda Skard og Paul Gruda Koht, voks opp. Karen var eit sjølvstendig menneske og hans beste lesar og kritikar. Likevel vart forhaldet deira vanskelegare frå slutten av 1920-åra, etter at Karens helse blei dårlegare og Kohts arbeid la ein skugge over privatlivet. Som kompensasjon for sviktande samkjensle i ekteskapet søkte Koht vennskap med fleire kvinner frå 1930-åra av, ofte som brevvenner. Vennskapen med Unni Diesen, som var sekretæren hans under opphaldet i London, skil seg spesielt ut. Likevel fann Koht og Karen tilbake til kvarandre etter krigen.

Utgivingar av Halvdan Koht

Eit utval

  • Unionen og freden. En historisk udredning av svensk krigspolitik siden 1814, 1894
  • Norske flagsange, 1896
  • Det norske målstrævs historie, 1898
  • Histoire du mouvement de la paix en Norvège, 1900
  • Norsk Forfatter-lexikon 1814–1880, bind 5, 1901, bind 6, 1908
  • redaktør av Breve fra Henrik Ibsen (saman med J. Elias), 2 bind, København 1904 (tysk utgåve Berlin 1905)
  • Fredstanken i Noregs-sogo. Noreg i den samfolkelege rettsvoksteren, 1906
  • Die Stellung Norwegens und Schwedens im deutsch-dänischen Konflikt, zumal während der Jahre 1863 und 1864 auf Grundlage neuer Aktenstücke, doktoravhandling, Videnskabs-Selskabet i Christiania Skrifter II 1907 nr. 7, 1908
  • Henrik Wergeland. Ei folkeskrift, 1908
  • redaktør av H. Ibsen: Efterladte Skrifter (saman med J. Elias), 3 bind, 1909
  • Pengemagt og arbeid i Amerika, 1910
  • Bismarck. Statsmanden, 1911
  • redaktør av B. Bjørnson: Brev, 6 bind, 1912–1932
  • Bonde mot borgar i nynorsk historie, i Historisk tidsskrift, bind 22, 1912, s. 29–85
  • Prisar og politikk i norsk historie, i Samtiden 1913, s. 234–252
  • 1814. Norsk dagbok hundre aar efterpaa, 1914
  • Sagaernes opfatning av vor gamle historie, i Historisk tidsskrift, bind 23, 1914, s. 379–396
  • redaktør av Vore høvdinger. Portrætter av berømte nordmænd, Trondheim 1914 (2. utgåve 1929, 3. utgåve Norske høvdinger, New York 1943)
  • Sosialdemokratie. Historisk yversyn, 1915 (ny utgåve 1932)
  • Johan Sverdrup, 3 bind, 1918–1925
  • Den amerikanske nasjonen i upphav og reising, 1920
  • Arbeidarreising og målspørsmål, 1921
  • Innhogg og utsyn i norsk historie, 1921
  • Norsk bondereising. Fyrebuing til bondepolitikken, 1926 (fransk utgåve 1929)
  • Henrik Ibsen. Eit diktarliv, 2 bind, 1928–1929 (ny utgåve 1954)
  • Norsk vilje, 1933
  • Norway neutral and invaded, London 1941 (svensk utgåve Norge neutralt och överfallet, Stockholm same år)
  • The voice of Norway (saman med S. Skard), London 1944 (svensk utgåve Norges röst i historia och litteratur, Stockholm 1944, norsk utgåve Fridom og lov i norsk historie og litteratur, 1948)
  • For fred og fridom i krigstid 1939–1940, 1947
  • Frå skanse til skanse. Minne frå krigsmånadene i Noreg 1940, 1947
  • Norsk utanrikspolitikk fram til 9. april 1940. Synspunkt frå hendingstida, 1947
  • The American spirit in Europe. A survey of transatlantic influences, Philadelphia/Oslo 1949
  • Kriseår i norsk historie, 6 bind, 1950–1960 (bind 1: Vincens Lunge contra Henrik Krummedige 1523–1525, 1950, bind 2: Olav Engelbriktsson og sjølvstendetapet 1537, 1951, bind 3: Kong Sverre, 1952, bind 4: Harald Hårfagre og rikssamlinga, 1955, bd. 5: Dronning Margareta og Kalmar-unionen, 1956, bind 6: Inn i einveldet 1657–1661, 1960)
  • Historikar i lære, 1951
  • På leit etter liner i historia. Utvalde avhandlingar, 1953
  • For fred og fridom i krigstid 1939–1940, 1957
  • Drivmakter i historia, 1959 (amerikansk utgåve Driving forces in history, Cambridge (USA) 1964)
  • Verda og Noreg. Historie frå skilde tider, 1962
  • Menn i historia, 1963
  • Nye innhogg og utsyn, 1964
  • Minnearv og historie. Gamle og nye artiklar, 1965
  • Minne frå unge år, (posthumt) 1968

Etterlatte papirer

  • Koht private arkiv finnest dels i Riksarkivet (privatarkiv 258), dels i Nasjonalbiblioteket
  • Rikspolitisk dagbok 1933–1940, med innleiing av S. Kjærheim, 1985

Avbildningar

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Bjørnsen, Bjørn: Det utrolige døgnet. Oslo 1977
  • Dahl, Ottar: Historisk materialisme : historieoppfatningen hos Edvard Bull og Halvdan Koht, 2. utgåve, 1974
  • Dahl, Ottar: Norsk historieforskning i det 19. og 20. århundre, 4. utgåve, 1990
  • Fure, Odd-Bjørn: Mellomkrigstid, bind 3 i Norsk utenrikspolitikks historie, 1996
  • Grimnes, Ole Kristian: Norge i krig, bind 1: Overfall. Oslo 1984
  • Haffner, Vilhelm: biografi i Stortinget og statsrådet 1915–1945, bind 1, 1949
  • Haukaas, Kaare: Halvdan Koht : ein bibliografi, 1964
  • Hoel, Oddmund Løkensgard: Mål og modernisering 1868–1940. Oslo 2011
  • Riste, Olav: London-regjeringa I–II. Oslo 1973 og 1979
  • Skard, Halvdan: Halvdan Koht : ein bibliografi, b. 2
  • Skard, Sigmund: Mennesket Halvdan Koht, 1982
  • Steen, Sverre: biografi i Norsk biografisk leksikon, første utgåve (NBL1), bind 7, 1936
  • Svendsen, Åsmund: biografi i Norsk biografisk leksikon, andre utgåve (NBL2)
  • Svendsen, Åsmund: Halvdan Koht. Veien mot framtiden, 2013

Faktaboks

Halvdan Koht
Historisk befolkingsregister-ID
pf01036373008026

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg