Hopp til innhold

Hans Eidnes

Hans Eidnes, skulemann, publisist og stortingsrepresentant. Han redigerte den viktigaste nordnorske årboka i meir enn 40 år.

Eidnes blei fødd på Bjarkøy 20. mars 1887 og døydde 5. juni 1962. Han tok eksamen ved Tromsø lærarskule i 1909, var frå 1914 lærar ved Vågan folkehøgskule og frå 1919 ved Trondarnes folkehøgskule. Der var han rektor frå 1921. Han søkte om å få halde fram etter nådd aldersgrense, og fekk halde fram som rektor til 1959. Då var han 72 år.
 
Eidnes redigerte Håløygminne i heile 42 år, frå 1920 til 1962, det nordnorske nynorskbladet Midnattsol 1919–29 og gav mellom anna ut Nordlands soga i oldtid og millomalder (1921, nye utgåver 1943 og 1954). I 1946 kom Tru og tradisjon. Gamalt frå Hålogaland. Eidnes gav også ut ei diktsamling, Fredsvår, i 1945.
 
Eidnes var stortingsrepresentant (V) frå Troms 1945–49 og formann i Noregs Mållag 1946–49. 
 
Eidnes fekk Kongens fortenstemedalje i gull i 1957.
 
Kjelder
Ottar Grepstad: Viljen til språk. Ei nynorsk kulturhistorie. Oslo 2006
 

Først publisert: 16.06.2009
Sist oppdatert: 31.07.2017