Hopp til innhold
X
Innhald

Hans Hylen

Hans Andreas Jonsson Hylen, skulemann, folkeopplysar, organisasjonsmann og forfattar. Han var særleg oppteken av det norske, noko som prega heile hans virke.

Hans Andreas Jonsson Hylen var fødd i Sand i Ryfylke 8. mai 1876 og døydde i Sauda 4. mai 1961. Han tok høgare lærarprøve i Stavanger i 1901, hadde eit studieopphald i Oxford i 1909 og tok Lærarhøgskulen i 1922–23. Seinare hadde han eit studieopphald på Island i 1938.

 

Hylen kom til Sauda som vikar ved Fløgstad faste skule vinteren 1901–02, var så omgangsskulelærar i tre andre krinsar i bygda, fram til han i 1905 gjekk tilbake til Fløgstad skule i fast post. Der vart han verande til han gjekk av i 1942, som skulestyrar frå 1927. Han dreiv òg kveldsskule for eldre elevar i mange år. Frå 1905 var han i tillegg klokkar og kyrkjesongar. Hylen var ein markant personlegdom som naut djup respekt og kom til å prege saudabuar i fleire generasjonar.

 

I 1909 var Hylen med og skipa det som fekk namnet Saude Maallag, frå 1911 Saude Ungdomslag. Her var han formann i ni år. I 1921 vart han òg vald inn i styret for Rogaland Foredragslag og Rogaland Ungdomslag, der han sat i seks år, fire av dei som formann. Han vart heidersmedlem både i Sauda Ungdomslag og i Rogaland Ungdomslag. I 1918 var han med og skipa IOGT-losjen Fjellbekken i Sauda og vart den første øvstetemplaren der. Ungdomsarbeid og fråhaldsarbeid var to sider av same sak for Hylen. Frå 1922 til 1945 var Hylen òg styremedlem i Rogaland Lærarlag.

 

Hylen tok tidleg til å skrive dikt, ofte publiserte i aviser og lokale blad. Gjennom eit langt liv leverte han ei mengd prologar og helsingsdikt til foreiningar og lag. Og etter kvart fekk han gitt ut åtte diktsamlingar, og i tillegg ei barnebok. Den første diktsamlinga, Millom Frendar og Framande kom ut i 1929 og inneheldt omsette dikt frå tysk og islandsk. Mellom 1936 og 1939 gav han ut tre bøker med eigne dikt. Men han la aldri frå seg arbeidet med å omsetje dikt frå andre språk til norsk. Under og like etter krigen kom to samlingar med slike dikt, Millom Frendar. Islendsk lyrikk 1850–1930 (1944) og Ferdafuglar. Lyrisk utval av framande og eigne dikt (1945). To nye diktsamlingar og ei barnebok kom ut etter andre verdskrigen. Særleg dei omsette dikta viser Hylen som ein fin stilist. Elles viser dikta hans ein varm og var kjærleik til alt som lever. Kjærleiken til alt som veks og gror, går som ein raud tråd gjennom alt han skreiv.

 

Hylen kjende seg særleg knytt til Island og omsette mange dikt av islandske lyrikarar til norsk. For arbeidet med å gjere islandsk lyrikk og kultur kjent i Noreg, vart han i 1954 heidra med den islandske Falkeordenen.

 

I 1952 fekk Hylen Kongens fortenestemedalje.

 

Kjelder

Ingvar Olimstad: «Hans Hylen. Ryfylkediktaren som fekk den islandske falkeordenen», i Gamalt frå Suldal, årsskrift for Suldal Sogelag, nr. 13/2011

Først publisert: 18.10.2017
Sist oppdatert: 18.10.2017