Hopp til innhold
Håvard Skirbekk. Foto: Dagfinn Grønoset, publisert til fri bruk av Glomdalsmuseet. Skirbekk var konservator og museumssjef.
Håvard Skirbekk. Foto: Dagfinn Grønoset, publisert til fri bruk av Glomdalsmuseet. Skirbekk var konservator og museumssjef.
X
Innhald

Håvard Skirbekk

Håvard Skirbekk, lærar, lokalhistorikar og museumsmann. I over 40 år var han knytt til Glomdalsmuseet, frå 1929 som styremedlem, frå 1952 som styrar.

Håvard Skirbekk var fødd 28. februar 1903 i Elverum og døydde på Hamar 4. februar 1983. Han tok examen artium ved den høgre allmennskulen på Hamar i 1922 og lærarprøva ved Elverum lærarskule i 1923. I 30 år, frå 1923 til 1952, arbeidde han i skulen, først på Dovre (1923–24), så i Våler (1924–36), deretter i Byggebeltet framhaldsskule i Vang (1936–46) og folkeskulen på Hamar (1946–52). 26 år gamal vart han i 1929 vald inn i styret for Glomdalsmuseet, og frå 1952 til 1970 var han konservator og dagleg leiar ved museet. Museet voks mykje i desse åra.
 
Skirbekk hadde mange verv. Han var formann i Østlandsk Ungdomsfylking 1928–29, i Austmannalaget 1938–46, styremedlem i Glomdalsmuseet 1929–49, formann i Hedmark krins av Noregs Lærarlag 1945–48 og landsstyremedlem i 1946–51. I 1938–41 og 1945–52 var han medlem av den departementale rettleiingsnemnda for nynorsk, og i 1952–62 var han medlem av Norsk språknemnd.
 
Skirbekk skreiv mykje. Bibliografien over artiklar og bøker spenner over 60 år. Emna er lokalhistorie, slektssoge, folkeminne, kulturvern og språk. Han var nynorskbrukar og skreiv om målreising og om dialektane i Hedmark.
 
Skirbekk tok initiativet til Årbok for Glåmdalen, som vart utgitt av Austmannalaget, og han redigerte årboka i alle dei 41 åra ho kom ut, frå 1941 til 1982. Av bøker elles gav han ut mellom anna Hus og Tun (1963), Vern og vurdering (1970), Fra samling til museum. Glomdalsmuseet 60 år (saman med Ivar Skre, 1971).
 
I 1965 vart Skirbekk tildelt Kongens fortenestemedalje i gull.
 
Kjelder
Karl Bakke (red.): Norske skolefolk. Stavanger 1952
Reidar Bækkelund: «Lokalhistorikernes nestor er borte». Årbok for Gudbrandsdalen 1983
Arne Espeland (red.): Norske skolefolk. Stavanger 1934
Andreas Hagen: «Håvard Skirbekk – sak og person». Årbok for Glåmdalen 1983
Håvard Skirbekk: «Austmannalaget 75 år», i Ola Skogstad (red.): Austlandsmål. Språkarv og språkbruk på indre Austlandet. Oslo 1974
Ivar Skre: «Håvard Skirbekk som museumsmann». Årbok for Glåmdalen 1983
Ivar Skre: «Håvard Skirbekk (1903–1983)», Glomdalsmuseet. Nytt om Gamalt. Årbok 1983
Guri Velure: «Håvard Skirbekk – ein bibliografi». Årbok for Glåmdalen 1983
 
Peikarar
Nettstaden til Glomdalsmuseet

Først publisert: 22.12.2010
Sist oppdatert: 17.04.2018