Hopp til innhold
X
Innhald

Helga Hjetland

Helga Kjellaug Hjetland, adjunkt og i mange år markant leiar av Utdanningsforbundet, som er Noregs tredje største arbeidstakarorganisasjon, med omlag 170 000 medlemer.

Helga Hjetland er fødd 18. april 1948 i Vågsøy, er oppvaksen på Sandane i Nordfjord og bur på Kyrkjebø i Høyanger. Ho er utdanna adjunkt frå Stord lærarhøgskule (1969–71), med tilleggsfaga samfunnsfag og kristendom ved Lærerskolen i Bergen (1972–73).
Ho har arbeidd som lærar i Høyanger (1971–72) og ved Løvås skole i Bergen (1973–82), og som lærar og rektor ved Kyrkjebø skule i Høyanger fram til 1988, då ho blei tillitsvald på heiltid som leiar av Sogn og Fjordane Lærarlag (1988–95). Hjetland var leiar i Norsk Lærarlag (1994–2001) og deretter den første i Utdanningsforbundet (2001–2009), etter at Norsk Lærarlag og Lærerforbundet fusjonerte. Ho er no pensjonist, og i tida etter at ho gjekk av, blei ho mellom anna engasjert av Kunnskapsdepartementet i eit femårig prosjekt som skal følgje med på den nye lærarutdanninga.
Hjetland var medlem av Bjørgvin bispedømeråd i 1990–94 og leiar i 1994–95. Ho er styreleiar for FN-sambandet (frå 2007), styremedlem i UNICEF Noreg (frå 2002) og styremedlem i Noregs Mållag (frå 2010 til 2016).

Kjelder
Gro Berntzen: «Tuller ikkje vekk tida», intervju med Helga Hjetland i Vi over 60, publisert 27.9.2011, http://viover60.no/oss-imellom/mellom-mennesker/tuller-ikkje-vekk-tida.html [lesedato 6.11.2011]
Thomas Ergo: «Helgas dop», intervju med Helga Hjetland i Dagbladet 11.2.2003, http://www.dagbladet.no/magasinet/2003/02/13/361461.html [lesedato 6.11.2011]

Peikarar

Først publisert: 09.03.2012
Sist oppdatert: 01.08.2018