Hopp til innhold
X
Innhald

Hermund Slaattelid

Hermund Slaattelid, lektor og formidlar av latinsk kultur. Han har fremja folkedanning og offentleg ordskifte.

Slaattelid er fødd 18. august 1932 i Davik i Nordfjord. Han tok hovudfag i historie ved Universitetet i Oslo i 1958 med avhandlinga Politiske idear hos Niels Treschow. Etter to år ved Bodø off. høyere almennskole blei han i 1961 tilsett som lektor ved Voss offentlege landsgymnas. Skulen skifte i 1965 namn til Voss Gymnas, og han arbeidde der til han gjekk av med pensjon i 1996.
 
Saman med Trygve Refsdal var Slaattelid ansvarleg for det årvisse Skjervheim-seminaret på Stalheim hotell, som blei arrangert 13 gonger i perioden 1996–2008. Dei to fekk Fritt Ords Honnør i 2005 og Kulturprisen frå Voss kommune i 2008 for dette arbeidet. Slaattelid står også bak Laurdagsakademiet på Voss.
 
Slaattelid har skrive fleire lærebøker i filosofihistorie for den vidaregåande skulen. Tidleg i 1990-åra byrja han å gi ut omsetjingar av latinsk prosa, hovudsakleg retorisk teori, av Cicero, Quintilian, Tacitus og Augustin. Til alle bøkene har han skrive utførlege introduksjonsartiklar. For dette arbeidet har han fått prisen «Årets klassiker» frå Norsk Klassisk Forbund (2008).
 
Kjelder
Georg Johannessen: «Etterord i form av et lite brukt forord til Hermund Slaattelid: Quintilian 1–3, Det norske samlaget 2004», Eksil. Om Klosterlasse og andre eksempler. Oslo 2005

Først publisert: 17.12.2009
Sist oppdatert: 05.10.2018