Hopp til innhold
X
Innhald

Ingalill Olsen

Ingalill Olsen, lærar, politikar og tidlegare ordførar i Måsøy.

Ingalill Olsen er fødd 15. desember 1955 i Måsøy i Finnmark. Ho gjekk på Lakselv Husflidskole i 1971–73, Røros videregående skole i 1973–74, Manger folkehøgskole i 1975, tok lærarutdanning i Alta ved Høgskolen i Finnmark i 1976–80, studerte skuleutvikling og leiing ved Universitetet i Tromsø i 1985–86 og gjekk på Statens lærerhøgskole i forming i Oslo i 1986–87.
Ho arbeidde som lærar ved Havøysund skole i 1980–86, var pedagogisk konsulent i Måsøy kommune i 1987–95 og var ordførar for Arbeidarpartiet i Måsøy i 1995–2009.
Olsen var medlem styret i Finnmark Arbeidarparti i 1983–89, kommunestyrerepresentant i Måsøy kommune for Arbeidarpartiet i 1987–91 og ordførar i nesten fire periodar, frå 1995 til 2009. Ho er leiar av Finnmark Arbeidarparti og medlem av landsstyret i partiet frå 2006. Ho blei vald inn på Stortinget for Arbeidarpartiet i Finnmark i 2009, men Olsen mista mandatet sitt ved valet  i 2013 og er vararepresentant 2013—17. Den viktigaste politiske saka hennar er korleis ein skal få nytta dei rike naturressursane i Finnmark best mogleg.
Ho var leiar av hamnestyret i Måsøy i 1991–95, medlem av styret i Luftfartsverket i 2001–02 og medlem av styret for Kommunal rapport frå 2008.
Kjelder
Ingalill Olsen, «Representanter og komiteer», stortinget.no: http://www.stortinget.no/no/Representanter-og-komiteer/Representantene/Representantfordeling/Representant/?perid=IOL [lesedato11.3.2012]
Peikarar

Først publisert: 06.07.2012
Sist oppdatert: 02.02.2015