Hopp til innhold
Inge Ryan. Foto: Stortinget.
Inge Ryan. Foto: Stortinget.
X
Innhald

Inge Ryan

Inge Ryan, adjunkt, rektor, ordførar, tidlegare nestleiar i Sosialistisk Venstreparti og stortingspolitikar frå Nord-Trøndelag for Sosialistisk Venstreparti. Han blei utnemnd til fylkesmann i Nord-Trøndelag i 2009.

Inge Ryan er fødd 15. august 1956 i Overhalla i Nord-Trøndelag. Han var elev ved Namdal gymnas i 1972–75, tok lærarskule i Alta og Levanger i 1977–80, pedagogisk utdanning i Trondheim, historie ved distriktshøgskolen i Bodø og leiarutdanning ved Høgskolen i Levanger.

Ryan arbeidde som lærar i 1975–77 og 1980–87, og han var rektor i 1987–91. Han var pedagogisk konsulent i 1991–92, distriktsarbeidssjef i 1994–97 og dagleg leiar i regionrådet for Indre Namdal i 1997–2001. Frå 2001 til 2009 var han stortingsrepresentant, og i 2009 blei han utnemnd til fylkesmann i Nord-Trøndelag.

Han var ordførar i Namsskogan kommune for Sosialistisk Venstreparti i 1991–95, varaordførar i 1995–99 og kommunestyrerepresentant i 1999–2001. Ryan var medlem av fylkestinget i Nord-Trøndelag i 1991–95 og medlem av fylkesutvalet i 1995–2001. Han var leiar av Namsskogan SV 1992–94 og nestleiar i SV 1999–2003.

Ryan var vararepresentant til Stortinget frå Nord-Trøndelag for Sosialistisk Venstreparti i 1993–97 og hadde fast plass i frå 2001 til 2009. Han var medlem i næringskomiteen det meste av tida, men hadde to år i kontroll- og konstitusjonskomiteen, frå 2005 til 2007. Den siste fireårsperioden var han òg parlamentarisk leiar for partiet på Stortinget og ein frisk og populær politikar.

Ryan har hatt mange administrative verv og tillitsverv, mellom anna som medlem av styret for Merkur-programmet frå 1996 og leiar frå 2011, medlem av styret for KS (Kommunenes Sentralforbund) i 1999–2001, medlem av styret for Nord-Trøndelagsforskning i 1998–2002 og leiar av Reindriftsstyret i 2010–13. Han fekk Mental Helses Åpenhetspris i 2003 og både Levanger Venstre og Levanger SV sin miljøpris i 2010.

Kjelder

Inge Ryan, «Representanter og komiteer», stortinget.no: https://www.stortinget.no/no/Representanter-og-komiteer/Representantene/Representantfordeling/Representant/?perid=INGR [lesedato 29.9.2016]

Peikarar

Pia Marie Lerseth: «Hvor trøndersk er fylkesmann Inge Ryan?», t-a.no

Ivar Værnesbranden: « Uaktuelt å foreslå tvang», bladet.no

Torill Aamodt: «– Inge Ryan er for sterk!», nrk.no

Fylkesmannen i Nord-Trøndelag: «Ryan fortsetter som fylkesmann», fylkesmannen.no

Mental Helse: «Inge Ryan fikk åpenhetsprisen», mentalhelse.no

Først publisert: 24.03.2017
Sist oppdatert: 24.03.2017