
Ingebjørg Mælandsmo
Foto: Norsk Allkunnebok. Nytta etter avtale med Nasjonalbiblioteket og Nynorsk kultursentrum
Innhald
Ingebjørg Mælandsmo
Ingebjørg Mælandsmo, forfattar.
Mælandsmo var fødd på Notodden 21. juli 1898 og døydde 6. mars 1981. Etter eksamen frå Notodden lærarskule i 1919 arbeidde ho ved fleire skular før ho blei verande på Romerike folkehøgskule frå 1928.
Ho debuterte anonymt med skodespelet Jord (1921) og skreiv ei rekkje romanar fram til den siste, Du skal teia still! (1977). Mælandsmo var ein tospråkleg forfattar som også gav ut to bøker på bokmål, med sterkt dialektfarga språk i til dømes Og flommen kom (1939, ny utgåve 1978).

For Og flommen kom! vann ho både ein norsk og ein nordisk pris for den beste romanen med kristent grunnsyn i 1939.
Hovudverket hennar er ein fembands romanserie (1956–70) med tradisjonssamlaren Olea Crøger som hovudperson i dei tre siste bøkene. Her kom all hennar innsikt i folketru og tradisjonsstoff til sin rett.
Kjelder
Ottar Grepstad: Viljen til språk. Ei nynorsk kulturhistorie. Oslo 2006
Først publisert: 16.06.2009
Sist oppdatert: 06.03.2020
Sist oppdatert: 06.03.2020