Hopp til innhold
X
Innhald

Ingjald Bolstad

Ingjald Bolstad, folkehøgskulemann, skribent og talar.

Bolstad var fødd i Evanger 19. januar 1908 og døydde på Voss 13. desember 2004. Han tok eksamen frå den fireårige lina ved Stord off. lærarskule i 1936 og tok dessutan ei lang rekkje kurs, mellom anna ved den nordiske folkehøgskulen i Genève.
 
Bolstad var først lærar ved fylkesskulen på Ibestad i Troms i tre år, sidan framhaldsskulelærar i heimbygda fram til han vart avsett av NS-styret i 1942. Etter krigen var han lærar ved Fana Folkehøgskule eitt år før han kom til Voss Folkehøgskule i 1946. Han var rektor ved skulen i perioden 1958–77 og timelærar fram til 1984. Bolstad var sjølv eit arbeidsjarn, og han kravde arbeid og innsats også frå elevane si side. Han ville ha faste reglar for samværet på skulen.
 
Han var mykje etterspurd som talar på møte og stemner i ungdomslaga og heldt ei rekkje kåseri i kringkastinga. Han var sterkt interessert i musikk og biletkunst og hadde sjølv oljemåling og kolteikning som hobby. Bolstad var med og skipa Voss kunstlag og var første formannen i laget. Han sat i Voss kommunestyre frå 1968 til 1976, vald av Venstre.
 
På sine eldre dagar arbeidde Bolstad med oppgåver som han før hadde måtta lagt til sides, såleis skreiv han mykje om samanhengen mellom gotisk språk og sitt eige heimemål, og om kosmiske spørsmål.
 
Etter han var død, vart eit utval av dikt han årleg hadde sendt til vener og kjenningar, gitt ut i bokform.

Først publisert: 15.10.2009
Sist oppdatert: 29.04.2013