Hopp til innhold
X
Innhald

Ingmar Ljones

Ingmar Ljones, KrF-politikar og stortingsmann frå Hordaland som har vore særleg oppteken av fag- og yrkesopplæring og sosialpolitikk.
Ingmar Ljones er fødd 3. desember 1943 i Strandebarm. Han kom til Bergen for å gå på skule i ungdomstida og har budd der sidan, frå 1966 i Arna. Han starta yrkeskarrieren sin som industriarbeidar i firmaet Mjølner, før han tok teknisk utdanning ved maskinlinja ved Bergen tekniske skole 1965–68. Han fullførte pedagogisk utdanning i 1973, med spesialpedagogikk som tillegg i 1979. Ljones arbeidde som faglærar, rådgivar og inspektør ved Arna yrkesskule i 1972–86, der han mellom anna var sterkt engasjert i fengselsundervisninga på Ulvsnesøy. I 1986–91 var han konsulent i Hordaland fylkeskommune, der han arbeidde med opplegg for elevar som trong ekstra ressursar.
Ljones sitt sosialpolitiske engasjement førte til verv i sosialstyre, barnevernsutval, edruskapsnemnd og hovudutval for skule i Bergen i 1980-åra. I 1991–95 og 1999–2000 var han varaordførar i Bergen, i 1995–99 og 2000–01 ordførar. I 2001–05 var han stortingsrepresentant frå Hordaland for Kristeleg Folkeparti og sat då i energi- og miljøkomiteen. Ljones har hatt og har ei rekkje offentlege verv, mellom anna som leiar i Felleskyrkjeleg råd og i styret for bybana i Bergen. Han fekk i 1997 tildelt den islandske Storriddarkrossen og i 1998 den tyske Stor fortenestekross.
Kjelder
Tormod Valaker: «Ein harding takkar av», hordaland.no, publisert 15.12.2009, http://www.hordaland.no/Hordaland-fylkeskommune/Vidaregaande-opplaring/Opplaringsnytt---arkiv/2009/Ein-harding-takkar-av/ [lesedato 17.04.2010]

Først publisert: 26.05.2010
Sist oppdatert: 26.05.2010