Hopp til innhold
Ingrid Z. Aanestad. Foto: Cato Lein / Forlaget Oktober. Nytta etter avtale.
Ingrid Z. Aanestad. Foto: Cato Lein / Forlaget Oktober. Nytta etter avtale.
X
Innhald

Ingrid Z. Aanestad

Ingrid Z. Aanestad er forfattar og lærar. Som forfattar har ho utmerkt seg med ein særeigen, kortfatta og poetisk stil, med vekt på nære relasjonar og dei enkle handlingane i kvardagen.

Ingrid Zachariassen Aanestad er fødd 3. juni 1983 i Trondheim og voks opp på Jæren. Ho har fransk grunnfag frå Université Paul Valéry, Montpellier i 2003, forfattarstudium frå Høgskolen i Telemark i 2003–04 og mastergrad i litteratur og skapande skriving frå Göteborgs universitet i 2008. Ho har undervist ved Göteborgs universitet i 2012–16 og Danvik Folkehøgskole si skrivekunstlinje i 2013–14, og ho er lærar på forfattarstudiet ved Høgskolen i Søraust-Noreg (no Universitetet i Søraust-Noreg) frå 2011.

Aanestad nyttar ein neddempa forteljemåte, der språket er minimalistisk og konsentrert. Form og innhald spelar saman, når kvardagsskildring og nærmast mangel på handling vert følgd opp av enkle, stemningsskapande setningar. Temaa er oftast kvinner og relasjonar mellom dei, både familiære og romantiske, med vekt på styrke, det såre og det skjøre. Ei stadig underliggjande spenning gir tyngd til den rolege overflata i tekst og innhald.

Aanestad debuterte med I dag er ein fin dag (2006), som er ei kvardagsskildring av studentlivet. Dei små opplevingane og hendingane i dagleglivet ber den nære forteljinga om Maria. Forfattaren observerer og skildrar ei grublande og einsam ung kvinne, som søkjer rundt i den kalde, framande byen. Eg kjem med toget (2008), fortel på poetisk og detaljert vis, men likevel i ein knapp stil, om to unge kvinner som møter kvarandre att etter fleire år.

Aanestad har òg gjendikta romanar av utanlandske forfattarar, mellom dei Sanka ull (2013) av Patti Smith. I 2018 skreiv ho Kva hender i romanen? (2018) til serien «Lese, skrive», hos Forlaget Oktober. Boka inneheld refleksjonar rundt det særeigne ved å skape tekstar, og det å vere ein lesar.

Forfattaren har fått ei rekkje stipend, mellom anna Statens kunstnarstipend i 2007, 2009–11 og 2017–19, og ho hadde Forfatterforeningens vederlagsfonds arbeidsstipend i 2014–15.

Kjelder

E‑post frå Ingrid Z. Aanestad, 20.4.2018

Forlaget Oktober, bibliografi og kort omtale av forfattaren, oktober.no: http://www.oktober.no/Forfattere/Norske/Aanestad-Ingrid-Z [lesedato 20.4.2018]

Peikarar

Forlaget Beijing Trondheim: «Synlege og usynlege trådar», intervju med forfattaren 

Jan Zahl: «Bilete av Sibylle», intervju med forfattaren i Stavanger Aftenblad 

Først publisert: 01.08.2018
Sist oppdatert: 01.08.2018