Faktaboks

Ingvar Bøhn
Peter Ingvar Bøhn
Fødd
27. juni 1838, Ullensaker, Akershus
Død
26. september 1924, Follebu i Gausdal
Verke
Prest og folkehøyskolemann
Familie

Foreldre: Lensmann Hans Bøhn (1792–1855) og Emilie Josephine Konstantine Lassen (1807–79).

Gift 18.10.1887 med Ida Marie Bø (8.1.1842–12.9.1915), datter av bonde Ivar Pedersen Bø (1801–60) og Mathea Iversdotter Glømmen (1809–97).

Svoger til bonde Per (1830–78).

Ingvar Bøhn var ein norsk folkehøgskulemann, prest og diktar. Han gav ut den første songboka på landsmål.

Bakgrunn

Peter Ingvar Bøhn var fødd i Ullensaker. Han tok examen artiumHartvig Nissens skole i 1856 og tok teologisk embetseksamen i 1867.

Folkehøgskule og teologi

I studietida vart han kjend med Christopher Bruun, og fram til 1896 var Bøhn folkehøgskulelærar, først ved folkehøgskulen til Bruun på Romundgard i Sel vinteren 1868–1869, dei tre neste åra på eigen folkehøgskule på Gisvoll i Ullensaker, og i 1872–1874 ved Vonheim i Gausdal saman med Bruun og Kristofer Janson. I 1874–1877 var han hos Johannes Helleland på Ullensvang folkehøgskule i Hardanger, og frå 1977 til 1896 var han tilbake på Vonheim i Gausdal, dei tre siste åra som skulestyrar. Bøhn var deretter sokneprest i Vestnes fram til 1908 og flytta så til Lillehammer og i 1915 til Gausdal.

Forfattarskapen

I 1869 gav Bøhn ut på eige forlag Norska Visor aat Folkehøgskular, den første songboka på landsmål. Av dei 50 songane var åtte av Ivar Aasen, fire av A.O. Vinje, fire av Janson og sju av Bøhn, anten eigne eller omsette. Resten var folkeviser eller einskildsongar av andre diktarar. Ei omarbeidd utgåve kom i 1871 med tittelen Norske Visor aat Skulom. I 1882–1883 gav han ut Norske songar I og II med mellom anna «I djupe dalar og grøne lider», den av Bøhns songar som er best kjend i dag. I dag er han òg kjend for melodien til folkevisa «Bendik og Årolilja». I 1921 kom Norske songar og visor, med ein biografi skriven av Anton Aure.

Bøhn skreiv også Grunddrag av sproglæren til ledetraad ved den første undervisning (1881) og Ulærde tanker over verdenshistorien (1890). I 1887 kom Om underfulde helbredelser, i 1911 Jesu Kristi kristendom, og i 1923 Om kristendomstvilene.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Ingvar Bøhn: Norske songar og visor. Utgjevne med ei livsskildring av bokskrivaren ved Anton Aure. Risør 1921
  • Rasmus Stauri: Fire folkelærarar: Herman Anker, Olaus Arvesen, Christopher Bruun, Viggo Ullmann. Oslo 1930
  • Aslak Torjusson: Den norske folkehøgskulen. Oslo 1977
  • Kr. Vikne: «Gislevoll Folkehøgskole. Den første ungdomsskolen på Romerike», I Årbok for Romerike historielag, IV, 1961.
  • Terje Aarset: Den nynorske songskatten. Oslo 2009

Faktaboks

Ingvar Bøhn
Historisk befolkingsregister-ID
pf01037391000659

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg