Hopp til innhold
X
Innhald

Ingvar Dillan

Ingvar Dillan, lærar som skreiv tekstar med blikk for kvinnelagnader og vart biletkunstnar midt i livet.

Ingvar Dillan var fødd 8. august 1891 i Verdal i Nord-Trøndelag og døydde 2. desember 1974 i Tønsberg. Han var utdanna ved Oslo lærerskole i 1912 og tok kunstutdanning under Axel Revold frå 1940 til 1945. Han hadde eit tre månader langt studieopphald i Paris i 1948. Dillan var lærar ved Vestby skole i Gjerdrum frå 1912 til 1919. Etter det arbeidde han ved Bodø offentlige allmennskole fram til 1922, då han vart tilsett ved Nøtterøy kommunale høyere skole.

I 1917 debuterte han med romanen Sesélia. Boka har ein overtydeleg kristen bodskap og handlar om å finne den rette vegen i livet. Hovudpersonen er ei ung sjukesyster, Sesélia Buaas. Ho gjer seg sine refleksjonar i møtet med det farlege storbylivet, sosial nød, alkoholisme, sexpress og kvinneundertrykking, men heller ikkje bygdesamfunnet går fri for kritikk. Boka kan karakteriserast som ei ungjentebok og er skriven på nynorsk, med dialektinnslag i replikkane.

Den andre boka hans, Dikt på trøndermål, kom ut i 1930. Samlinga er dedisert til mora, og igjen er interessa for sosialisering tydeleg. Fleire av dei enkle dikta alluderer til folkediktinga sine barnerim og spinneviser. Språket er enkelt og konkret. Dillan skreiv elles noko sakprosa, mellom anna eit studieopplegg om Jonas Lie i 1932, og artiklar i lokalpressa i Tønsberg og Nøtterøy.

Etter at Dillan starta med kunstutdanning, hadde han nokre utstillingar i Vestfold. Den første separatutstillinga var i Sandefjord Kunstforening i 1943. Han var med på Statens haustutstilling i Oslo i 1946.

I fråhaldsarbeid var Dillan med frå sekstenårsalderen. Han var òg aktiv i musikklivet og mellom anna kordirigent for Nøtterøy mannskor i sju år, frå 1923, og Frøya Damekor i fem år, frå 1928. Dillan tok initiativ til skipinga av Norskmållaget i Tønsberg og var sjølv formann frå 1932 til 1940 og frå 1946 i eitt år.

Dillan er representert i Tønsberg kunstforening og med veggdekorasjonen «Yggdrasil» på Torød skole i Nøtterøy. Han fekk Nøtterøy kommune sin kulturpris i 1973.

Kjelder

Ingvar Dillan: Sesélia. Trondheim 1917

Ingvar Dillan: Dikt på trøndermål. Trondheim 1930

Arne Espeland (red.): Norske skulefolk. Stavanger 1934

A. Sudmann: «Ingvar Dillan», Norsk Allkunnebok, bd. 3. Oslo 1951

Leif Østby (red.): Norsk kunstnerleksikon. Oslo 1982

 

Peikarar 

Bibliografi i Bibsys 

Ingvar Dillan: Sesélia. Trondheim 1917. Tilgjengeleg i Bokhylla, nb.no

Ingvar Dillan: Dikt på trøndermål. Nidaros 1930. Tilgjengeleg i Bokhylla, nb.no

Først publisert: 11.05.2018
Sist oppdatert: 14.11.2018