Hopp til innhold
X
Innhald

Ivar Refsdal

Ivar Refsdal, lærar og kartograf. Som kartteiknar var han nyskapande i måten å framstille karta sine på, der fag og kunstnarleg uttrykk vart vovne i hop på ein pedagogisk velutvikla måte.

Ivar Refsdal var fødd 6. april 1866 i Vik i Sogn og døydde i Oslo 4. april 1939. Han gjekk lærarskulen på Hamar, der han tok eksamen i 1885. Han starta lærargjerninga si i Herand i Jondal i 1886, hadde så lærarpostar i Arnafjord og Hisøy, før han reiste til Foss skole i Kristiania i 1901. Han slutta å undervise ved Foss i 1926 – 60 år gamal – for å drive med det han likte og kunne aller best: å teikne kart. Lærargjerninga var ei nyttig erfaring å ta med seg i nybrotsarbeidet med å gi ut pedagogisk tilrettelagde kart og atlas.
 
Det første kartarbeidet kom alt i 1897, og han teikna frå no av kart over Noreg og Norden, Europa og verdsdelane. Karta vart gitt ut som veggkart eller samla i atlas. Det særmerkte med karta frå Refsdals hand var sjølve teiknemåten, med eit vakkert, kunstnarleg tilsnitt. Måten han skraverte fjell og dalar på, den særmerkte kalligrafiskrivemåten og fargebruken gjorde han til ein original, pedagogisk og nyskapande kartteiknar.
  
Kjelder
Arne Inge Sæbø (red.): Ivar Refsdal 1866–1939 kartograf, lærar, diktar, teiknar. Vik i Sogn 1995
 
Dag Aanderaa:  «Ivar Refsdal», Norsk biografisk leksikon, bd. 7. Oslo 2003. Elektronisk utgåve ved Store norske leksikon, snl.no

Først publisert: 14.02.2011
Sist oppdatert: 30.04.2013