Hopp til innhold
X
Innhald

Jakob Lothe (1950–)

Jakob Lothe, litteraturvitar med særleg interesse for den rolla forteljinga har spela i ulike epokar og kulturar, særleg i nyare britisk og amerikansk litteratur.

Lothe er fødd 25. april 1950 og voks opp i Nordfjord. Han er i dag professor i engelsk litteratur ved Universitetet i Oslo. Han tok magistergraden i allmenn litteraturvitskap ved Universitetet i Bergen i 1977 og blei dr.philos. same staden i 1985 med avhandlinga Conrad's Narrative Method.
 
Lothe har i forskinga si vore særleg oppteken av forteljande prosa, særleg hos engelskspråklege forfattarar som William Faulkner og Joseph Conrad. Gjennom ei rekkje studiar har han vist korleis måten noko blir fortalt på, har ulike tematiske implikasjonar. Lothe har òg forska på postkolonial litteratur og eksillitteratur, på forholdet mellom litteratur og film og på holocaustlitteratur.
 
På norsk har Lothe gitt ut bøkene Fiksjon og film. Narrativ teori og analyse (1994, 2003) og Joseph Conrad (2002). Han har dessutan vore medredaktør for fleire bokprosjekt, til dømes Litteraturvitenskapelig leksikon (1997, 2007) og Tidsvitner. Fortellinger fra Auschwitz og Sachsenhausen (2006).
 
Kjelder
Sverre Gunnar Haga: «Livslang seilas med Conrad», Dagbladet 23.09.2002
Einar Solvoll: «Har nøkkelen til en god historie», Aftenposten 25.03.2000
 
Peikarar
Personleg heimeside til Jakob Lothe

Først publisert: 08.02.2010
Sist oppdatert: 29.04.2013