Faktaboks

Jens Hundseid
Fødd
6. mai 1883, Vikedal (nå Vindafjord), Rogaland
Død
2. april 1965, Oslo
Verke
Politiker
Familie

Foreldre: Gårdbruker Valentin Hovda (f. 1854) og Ingerid Jensdatter Hundseid (1856–1937).

Gift 26.9.1912 med Martha Eknes (f. 11.4.1889), datter av skogeier Hans Eknes (1859–1938) og Grethe Skolem (1863–1940).

Jens Hunseid
Av .
Lisens: CC BY SA 4.0

Jens Hundseid var ein norsk politikar for Bondepartiet. Han var statsminister frå 14. mars 1932 til 3. mars 1933.

Hunseid var stortingsrepresentant frå Telemark i perioden 1924–1936, og frå Buskerud i 1936–1945. Ved statsminister Peder Kolstads død våren 1932 vart Hundseid statsminister og landbruksminister, men regjeringa vart felt året etter.

Trass i eit sterkt motsetningsforhold til Vidkun Quisling, melde Hundseid seg inn i Nasjonal Samling (NS) i 1940. I 1945 vart han dømd til ti års fengsel på grunn av det dårlige eksemplet han som einaste statsminister og partileiar frå mellomkrigstida gav ved å slutte seg til NS. Straffa vart ettergitt i 1949, men Hundseid søkte aldri sidan å gjere seg gjeldande i det offentlege livet.

Bakgrunn

Jens Hundseid var fødd 6. mai 1883 i Vikedal i Vindafjord i Rogaland. Han kom frå ein relativt velståande bondefamilie. Etter eksamen frå Rogaland landbruksskole og Kongsberg skogskole kom han inn på Landbrukshøgskolen på Ås og utmerka seg blant dei beste i ei klasse der også hans seinare finansminister Jon Sundby og den mangeårige landbruksministeren i Johan Ludwig Mowinckels regjeringar, Haakon Five, gjekk.

Etter eksamen på Ås i 1905 var Hundseid i fleire år lærar ved ungdomsskular og landbruksskular. I 1913 overtok han Eknes, garden der kona hans kom frå. Denne garden dreiv han livet ut. Frå 1916 til 1918 var han redaktør av «Eidsvoll Blad» og lærar ved Eidsvoll folkehøgskole. Deretter vart han styrar av Telemark landbruksskole på Søve. Han var ein særs dugande lærar, men eit pedantisk ordensmenneske og var tilhengar av ein nærast prøyssisk disiplin.

Politiske verv og stillingar

Hundseid kom inn på Stortinget som representant for Telemark første gongen i 1924, og vart attvald fram til andre verdskrigen. Han vart nestformann i Bondepartiet i 1926 og formann frå 1929 til 1938. I 1931 vart han parlamentarisk førar. I 1935 vart han utnemnd til fylkesmann i Buskerud, ei stilling han hadde fram til han vart avsett i 1945.

Statsminister

Det var slett ikkje opplagt at det var Jens Hundseid, den parlamentariske føraren og partiformannen i Bondepartiet som skulle ta over som statsminister då Peder Kolstad døydde. Alle visste at Hundseid ikkje var særleg populær i Stortinget, at han knapt var på talefot med Venstres førar Johan Ludwig Mowinckel, og heller ikkje på særleg vennskapeleg fot med Høgres førar, C. J. Hambro. Bondepartiet hadde bruk for støtte frå begge desse partia om regjeringa skulle overleve, for både Hundseid og andre visste at han ville bli møtte med mistillit frå Arbeidarpartiet straks han nærma seg statsministerstolen.

Jon Leirfall, seinare stortingsrepresentant, men dåverande sekretær i partiet, har fortalt at det vart gjort forsøk på å få Einar Gram Borch til å bli statsminister. Borch var godseigar frå Jevnaker og hadde ei høg stjerne både i partiet og i Stortinget. Borch kom til Oslo og sat på Grand hotell og venta på kalling om å bli statsminister. Det han ikkje visste, var at Hundseid hadde kalla inn Bondepartiet si gruppe og der fortalt at han hadde bestemt seg for å skipe regjering. Det var eit oppdrag han ikkje hadde fått frå kongen. Hundseid hadde sagt til kongen at han skulle drøfte spørsmålet med stortingsgruppa. I og med at gruppa no godtok det oppdraget han hevda han hadde fått frå kongen, kunne Hundseid dra tilbake til Slottet og seie at han sjølv var klar til å skipe regjering. Tvilen i partileiinga hadde Hundseid utnytta til noko som minner om eit kupp.

Forsvarsminister Vidkun Quisling

Jens Hundseid vart utnemnd til statsminister 14. mars 1932. Dei fleste regjeringsmedlemmane var dei same som under Peder Kolstad. Som venta vart regjeringa møtt med mistillitsframlegg frå Arbeidarpartiet i Stortinget, men det vart avverga med Venstres og Høgres stemmer. Skepsisen var likevel stor til den nye regjeringa og årsaka til det var ikkje minst forsvarsminister Vidkun Quisling.

Mens Quisling var lojal mot og hadde tillit til Peder Kolstad, skulle det raskt vise seg at han ikkje hadde respekt for Jens Hundseid. Eigentleg ønskte Hundseid å fjerne Quisling som forsvarsminister og Asbjørn Lindboe som justisminister, men så skjedde det nokså unike i norsk politisk historie at verken forsvarsministeren eller justisministeren ville bøye seg for statsministeren og gå av. Quisling kravde til og med å få forsvare seg i Stortinget, og fleire av dei andre statsrådane støtta at både han og Lindboe skulle bli verande i regjeringa. Hundseid måtte gi seg.

I trontaledebatten gjekk Quisling på talarstolen og heldt ein tordentale. Alle såg at han snakka seg opp i det heilt store raseriet mot alle som hadde kritisert han. Han svor kamp mot oppviglarane og dei som ønskte revolusjon i landet. Talen vakte ein enorm reaksjon. Statsminister Hundseid ba om ordet og sa: «Jeg vil ikke egentlig ta avstand, men jeg vi si at jeg synes statsråd Quisling brukte noe sterke ord.» Quisling oppfatta dette som eit dolkestikk frå sin eigen statsminister, og det var det vel også. Hundseid ville bli kvitt den brysame forsvarsministeren, men framleis nekta Quisling å gå.

I staden ba Quisling noko seinare Hundseid om å gå! «Jeg (kan) ikke ha noen tillit til statsminister Hundseids fortsatte ledelse av statens anliggender i disse vanskelige tider…», skreiv han i eitt av sine PM. Det er all grunn til å tru at Hundseid med sitt temperament vart rasande mens han leste dette. I realiteten greidde korkje Hundseid eller Quisling å avsette kvarandre. Hundseid kunne ikkje fjerne Quisling fordi sistnemnde hadde sterk støtte ute blant bøndene. Nestformann Olav Østby-Deglum i Bondepartiet ga uttrykk for at «Norges bønder slår ring om Quisling».

Mistillit til regjeringa

Betre vart ikkje forholdet mellom Hundseid og statsrådane hans då det kom fram at statsministeren hadde gått bak ryggen til regjeringa og gjort forsøk på å få til ei løysing direkte med Danmark i Grønlandssaka. Etter det rakna regjeringa meir og meir. Det gjekk ikkje så lenge før Johan Ludwig Mowinckel kom til at regjeringa måtte fellast, og det skjedde på usemje om den økonomiske politikken. Mowinckel la fram eit sett retningsliner som han meinte burde følgjast i den økonomiske politikken. Desse fekk fleirtal i finanskomiteen, men Hundseid ville ikkje godta dei.

Gong etter gong hadde Hundseid berga regjeringa ved å stille kabinettspørsmål, og på den måten pressa fram støtte frå både Venstre og Høgre, men nå hadde Mowinckel fått nok. I finansdebatten sette han difor fram eit forslag som «beklaget regjeringens avvisende stilling til de av Venstre framsatte retningslinjer». Det fekk støtte både av Venstre og Arbeidarpartiet, og dermed vart det eit stort fleirtal som uttrykte mistillit til regjeringa.

3. mars 1933 gjekk Jens Hundseid av. Han kunngjorde at han ikkje ville vere «hr. Mowinckels vasall». Då Hundseid si regjering gjekk av, sa Arbeidarpartiets Johan Nygaardsvold at «hele den arbeidende befolkning her i landet i dag gråter tørre tårer…og det gjør jeg også, det er knapt jeg holder meg for en hånende latter.» To år etterpå skulle Nygaardsvold samarbeide med den same Hundseid gjennom det såkalla «kriseforliket», og dei to kom personleg godt ut av det med kvarandre, sjølv om dei kunne vere rykande usamde politisk.

Nasjonal Samling

Hausten 1940, under andre verdskrigen, melde Hundseid seg inn i Nasjonal Samling (NS), som var blitt grunnlagt av tidlegare forsvarsminister Quisling i 1933. Hundseid melde seg inn trass i usemja hans med Quisling. Motivet til Hundseid var at han var redd for represaliar frå Quisling, men han hadde også sans for NS sitt program.

Under landssvikoppgjeret etter krigen vart Hundseid dømd til 10 års fengsel. Den lange straffa skuldast ikkje minst det dårlige eksemplet han hadde vore som einaste partileiar og statsminister som slutta seg til NS. Han sat i fengsel til 1949, då resten av straffa vart ettergitt.

Hundseid som person og politikar

Alt i ungdomen låg det noko fanatisk i måten Hundseid var på, eit bistert, nesten stivna uttrykk i andletet, og ein total mangel på humoristisk sans. I den rettsmedisinske vurderinga av han som vart gjort i samband med landssvikoppgjeret, vart det konkludert med at han var full av kompleks og mindreverdskjensle.

Jens Hundseid fekk tilnamnet «Kastevinden frå Ryfylke». Når han sto på talarstolen kunne han verke som ein mild bris i den eine augneblinken for så brått å snu til noko som likna frådande raseri. Martin Tranmæl sa at «han talte seg sinna og skrev seg sinna», men det rare var at han var mest sint med manuskript. Det brukar å vere omvendt for politikarar. Når dei snakkar etter manuskript veg dei gjerne orda på gullvekt og alle konsekvensar er vurderte, mens når dei talar utan manuskript kan det dette ut av dei ord som dei angrar på i ettertid.

Med Hundseid var det omvendt. Han var så moderat og kjedeleg utan manuskript at han nesten ikkje var attkjennande. Det kom av at han var utrygg. Han var heilt avhengig av manuskript. Sjølv når han skulle takke for maten i private selskap måtte han ha ein papirlapp å halde i. Når han derimot fekk formulere seg skriftleg, vart han ein stor polemikar. Han var rett og slett grov mot sine politiske motstandarar, og dei var det mange av. Johan Nygaardsvold var imponert over den evna Hundseid hadde til å skrive grove talar, men likevel å framføre dei som om han improviserte.

Sikkert er det at Hundseid i liten grad var ein kompromissets mann. Saklege, grundige vurderingar av fordeler og ulemper ved ei sak høvde svært dårleg saman med sinnelaget hans. Han var mannen for dei bråe kast, og han trekte gjerne konklusjonen før han utforma premissane.

Les meir i Store norske leksikon

Utdrag frå Harald Kjølås: Norske statsministrar, Det Norske Samlaget 1999

Redigert med digital einerett etter avtale med Det Norske Samlaget 2012

Faktaboks

Jens Hundseid
Historisk befolkingsregister-ID
pf01073839003255

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg