Hopp til innhold

Jens Kåre Engeset

Jens Kåre Engeset, skule- og museumsmann, var styreleiar for Ivar Aasen-museet i 35 år og var med i brukargruppa som planla Ivar Aasen-tunet fram mot opninga i juni 2000.

Jens Kåre Engeset var fødd i Vardø 21. april 1930 og døydde 15. mars 2013 i Ørsta. Då han var fire år gamal, flytta familien til Hovdebygda i Ørsta, som sidan var heimstaden hans. Han fullførte lærarskulen i Volda i 1955 og arbeidde i 17 år som lærar i Sande og i Hovdebygda. I 1972 vart han den første leiaren for Pedagogisk Tenestesenter for Søre Sunnmøre, og frå 1975 til 1995 var han tilsett i administrasjonen ved Volda lærarhøgskule.

Ved sida av lærargjerninga fungerte han som styreleiar for Ivar Aasen-museet i Hovdebygda frå 1966, formelt vald frå 1968, og fram til museet vart ein del av Ivar Aasen-tunet i 2000. I 2003 gav han ut eit hefte om soga til Aasen-museet, heilt frå opninga i 1898.

I 2002 gav Engeset ut ein biografi om Anders Hovden, Anders Hovden. Diktarprest og folketalar. Han har skrive ei mengd lokalhistoriske artiklar, mest for eit lokalt årsskrift. I 2005 vart mange lengre avisartiklar, mellom anna mange om Aasen og om Hovden, samla i bokform.

Kjelder

Samtale med Engeset, desember 2008
Jens Kåre Engeset: Vent vidar seg Hovdevatnet. Hovdebygda 2005
Eirik Helleve: «'– Ein misjonær for nynorsk og Ivar Aasen'. Jens Kåre Engeset i samtale med Eirik Helleve», i Hovdebygdingar – med vit og von. Hovdebygda 2003
Ottar Grepstad: «Gode Jens Kåre Engeset», tekst av direktøren i Nynorsk kultursentrum i samband med Jens Kåre Engeset sin bortgang, publisert 18.3.2013: http://www.aasentunet.no/default.asp?id=14528&menu=16 [lesedato 18.3.2013]

Peikarar

Jens Kåre Engeset i Bibsys

Først publisert: 24.09.2009
Sist oppdatert: 28.09.2018