Innhald
Johann Amos Comenius
Johann Amos Comenius (eigentleg Komenský), 1592–1670, var tsjekkisk pedagog og biskop for dei böhmiske herrnhutane.
Comenius var fødd i Mähren. Han vart ein forløpar for den moderne pedagogikken, med idear om til dømes sjølvaktivitet og om einskapsskulen. Desse skisserte han i Didactica Magna (’Den store undervisningslæra’, 1657) og ei mengd andre verk.
Comenius oppretta dessutan eit tsjekkisk trykkeri i Amsterdam, og dette vart svært viktig for tsjekkisk språk og kultur. Fleire av verka til Comenius er utgitte på norsk.


Statue av Johann Amos Comenius. Foto: Gertrud K, flickr.com CC BY 3.0
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
Sist oppdatert: 24.07.2014