Hopp til innhold
X
Innhald

Johannes Skarprud

Johannes Skarprud, lærar, bonde og diktar frå Telemark. Han er særleg kjend for diktet «Telemark», som blei kåra til den beste fylkessongen i 1919.

Johannes Skarprud var fødd 29. juni 1874 i Kviteseid i Telemark og døydde 1. februar 1962. Han gjekk på lærarskulen på Notodden og verka sidan hovudsakleg som lærar og bonde i Kviteseid.

Skarprud skreiv ei rekkje dikt og forteljingar om folkeliv og dyr, slekt og vener. Debutboka Jon Aalandslien. Fortælling fra Telemarken (1898) var på riksmål, men sidan skreiv han på landsmål. Han gav ut i alt åtte bøker, mellom anna Raringar. Stubbar til upplesing i lag og lyd (1918) og romanen Naar livet blør (1922).

Kjærleiken til heimbygda og heimfylket stod sentralt i alt han skreiv. I 1919 var han med i ein konkurranse om beste fylkessong, der bidraget hans, diktet «Telemark», slo sterkast an. Skarprud brann også for målsaka og den frilyndte ungdomsrørsla, og han var æresmedlem i ungdomslaga i Kviteseid og Telemark.

Skarprud var mykje brukt som talar og foredragshaldar og var kjend for den humoristiske sansen sin. Sjølv skildra han seg slik på sine eldre dagar: «Eg hev vore gjætargut og barngjøle, timberhoggar og lærar, kontorist og mykkøyrar, kyrkjesongar og slåttekar. Eg hev dikta songar og vore 'skogforvaltar', skrive bøker og vore vegslusk. (…) Eg hev vore ekspeditør og skodespelar og målar og dagdrivar og ranglefant. Men for det meste hev eg hange i.»

Skarprud var svigerson til forfattaren John Lie frå Fyresdal, som han hadde mykje til felles med, også politisk og kunstnarleg.

Kjelder

Olav Bakken: Kviteseid bygdesoge II. Gardsoga. Kviteseid 1962

Olav A. Loen: Bygda gav diktarsyn. 25 forfattarportrett. Trondheim 1970

Johannes Skarprud: Nokre upprit or minnebladi. Opptrykk av minnebøker, 1936–1942. Forord av Johannes Skarprud d.y. Kviteseid 2017

Peikarar

Digitaliserte bøker av Johannes Skarprud på Nasjonalbiblioteket, nb.no

Ulike forteljingar og dikt av Johannes Skarprud trykt i årsskriftet Gamalt frå Kviteseid, lokalhistoriewiki.no 

Først publisert: 11.05.2018
Sist oppdatert: 11.05.2018