Hopp til innhold
X
Innhald

John Lie

John Lie, forfattar, lærar og bonde frå Telemark. Han skreiv dikt og forteljingar med motiv frå norsk bygdeliv og folkedikting, og dei var særleg populære blant nordmenn i Midtvesten.

John Lie var fødd 8. mai 1846 i Fyresdal i Telemark og døydde 21. april 1916. Han hadde tidleg interesse for litteratur, men det var lite pengar til utdanning ut over allmugeskulen. Han fekk stilling som lærar i heimbygda, eit yrke han hadde i to tiår. Sidan livnærte han seg som bonde og forfattar same staden.

Debutboka Hugaljo kom i 1874, ei diktsamling på landsmål. 15 av dikta var skrivne av veslebroren Halvor, som døydde ung. Dikta krinsar rundt natur og bygdeliv og inneheld referansar til norske folkeviser og segner. Også diktsamlinga Aarolilja (1879) hentar tittel, motiv og formspråk frå den same tradisjonen.

Det var som prosaforfattar Lie fekk størst suksess. Inspirert av Bjørnstjerne Bjørnson tok han til å skrive bondeforteljingar «fra Thelemarken» på dansk-norsk. Dei selde godt, og fleire av dei, mellom anna Knut Trondson. Fortælling fra Telemarken (1878) og Staali Storli. En fortælling fra Telemarken (1880), gjekk òg som føljetongar i den norskamerikanske avisa Decorah-Posten. Avisa trykte jamleg litterære bidrag frå gamlelandet, og forteljingane til Lie var blant dei mest populære. Også kona Torbjørg bidrog med korrespondentbrev frå Noreg.

I 1897 vende Lie tilbake til landsmålet i Paa Fjell og Fynne. Forteljingar og Dyre-Sogur fraa Telemarken. Fleire av dyreforteljingane her fekk plass i Nordahl Rolfsens lesebøker.

Lie var også ein aktiv avisskribent, Venstre-mann og tilhengjar av den frilyndte ungdomsrørsla. Han var far til forfattaren Haakon Lie og svigerfar til bygdediktaren Johannes Skarprud.

Kjelder

Øyvind T. Gulliksen: «John Lie og Amerika», Telemark Historie. Bø 1985

Haakon Lie: «Diktar og bonde. John Lie, 8. mai 1846 – 21. april 1916», Årbok for Telemark. Skien 1959

Olav Solberg: Ringar i vatn. Telemarksdiktaren John Lie. Oslo 2014

Peikarar

Digitaliserte bøker av John Lie på Nasjonalbiblioteket, nb.no 

Først publisert: 11.05.2018
Sist oppdatert: 11.05.2018