Hopp til innhold
X
Innhald

Jon Askeland

Jon Askeland har hatt ei rekkje leiande tillitsverv knytte til høgnorskrørsla dei siste tiåra.

Jon Askeland er fødd på Tysnes i Sunnhordland 24. februar 1951. Han er cand.philol. med hovudfag i spansk frå 1982. Frå same tid har han vore tilsett ved Universitetet i Bergen som stipendiat, amanuensis og koordinator for latinamerikastudiar. Han har særleg arbeidd med tverrfagleg og internasjonalt forskings- og utdanningssamarbeid, og mellom anna hatt ansvar for samarbeidet mellom UiB og ulike universitet i Mellom-Amerika. Dei faglege interessene har først og fremst vore retta mot litteratur og film frå den sørlege luten av Latin-Amerika.
 
Sidan 2001 har Jon Askeland vore formann i Vestmannalaget. I hans formannstid har styret lagt vekt på tradisjon og kontinuitet – å arbeide for den klassiske nynorsken, stø opp om andre norske kulturtiltak og vere eit lag med stor takhøgd, i kritisk utakt med både hovudstraumen innanfor målrørsla og den offisielle kulturpolitikken her til lands.
 
Askeland har òg i ei årrekkje vore ei av eldsjelene bak Norsk Bokreidingslag, som vart skipa i 1938 av medlemer frå Vestmannalaget med det føremålet å gi ut bøker på tradisjonell og klassisk nynorsk. Her har han sete som styremedlem sidan 1977, styreformann frå 1985 til 2000, og skrivar sidan den tid. Askeland var målsmann for Norsk Måldyrkingslag i styret for Halldor O. Opedals fond i perioden1988–1991 og styreformann i Ivar Aasen-sambandet ein femårsperiode i 1980-åra.
 
Kjelder
Jon Askeland
 
Nettsidene til Norsk Bokreidingslag, http://www.bokreidingslaget.no/ [lesedato 03.02.2010]

Først publisert: 03.02.2010
Sist oppdatert: 09.08.2019