Hopp til innhold
X
Innhald

Jon Tolaas

Jon Tolaas, lektor, forfattar og tverrfagleg draumeforskar med vidgreint internasjonalt nettverk.

Tolaas var fødd i Måløy 3. juni 1939 og døydde 1. september 2012 på Nordfjordeid. Etter artium ved Eids gymnas i 1957 studerte han ved Universitetet i Bergen, der han tok hovudfag i fransk i 1962 med ei avhandling om Kvalmen av Jean-Paul Sartre. Frå 1963 var han tilsett som lektor ved Eids gymnas.

Tolaas debuterte med Gjest i ditt tjeld i 1967. Etter det gav han ut 11 skjønnlitterære bøker – dikt, noveller og kortprosa. Siste boka var diktsamlinga Dønningar (2009).I tekstane står spørsmål om identitet og mennesket som ein liten del av større heilskapar sentralt – frå nære sosiale samanhengar til mytar. Eit anna særmerke er blandinga av det vakre og det groteske, av motsetnader som spelar seg ut mot kvarandre. Tolaas var nok lite glad i det heilstøypte og likte betre det ureine, men hadde samstundes auga for det vakre i alt menneskeleg.

Jon Tolaas skreiv også to einaktarar for Sogn og Fjordane Teater, Taxidermi  og Verdura, begge oppførte i 1998.

Språkleg endra Tolaas seg frå klassisk nynorsk i debuten, med påverknad frå Olav Nygard, til ein meir talemålsnær nynorsk seinare i forfattarskapen. Røtene i folkeleg forteljekunst var der heile tida og var eit berande element i forfattarskapen.

Jon Tolaas var også draumeforskar, med fire fagbøker på norsk og bidrag i fleire amerikanske antologiar og tidsskrift. Dei to siste bøkene hans kom berre ut i USA – ei om sjølvmord og ei om «the conscious organism». Tolaas gav også ut ei samling ølbollerim frå Nordfjord.

Kjelder

Ove Eide: «’Eg er ein mann som talar med mange tunger.’ Om Jon Tolaas sin forfattarskap». Etterord i Tolaas: Dønningar. Førde 2009

Jon Tvinnereim: «Jon Tolaas», Årbok for Nordfjord 2007

Peikarar

Forfattarside om Jon Tolaas på nettstaden «Forfattarar frå Sogn og Fjordane»  (med bibliografi)


Først publisert: 16.06.2009
Sist oppdatert: 03.05.2019