Hopp til innhold
Jorunn Ringstad. Foto Helse Førde.
Jorunn Ringstad. Foto Helse Førde.
X
Innhald

Jorunn Ringstad

Jorunn Ringstad, politikar frå Sunnfjord som har representert Senterpartiet både på lokal- og riksnivå. Samferdselspolitikk har vore ei viktig sak for Ringstad.

Jorunn Ringstad er fødd 3. september 1943 i Askvoll. Ho har utdanning som adjunkt, først frå Bergen lærarhøgskole i 1967 og seinare med tilleggsfag mellom anna i informatikk frå Sogndal lærarhøgskule i 1986. Frå 1967 til 1988 arbeidde ho som lærar ved Askvoll ungdomsskule. I 1976 tok ho steget inn i lokalpolitikken, og i 1988–93 var ho den første kvinnelege ordføraren i Askvoll kommune. I 1993 gjekk ho over i rikspolitikken, då ho vart vald inn som stortingsrepresentant for Senterpartiet frå Sogn og Fjordane. Dette vervet hadde ho gjennom tre periodar, fram til 2005.
Ringstad sat i samferdselskomiteen på Stortinget i 1997–2005, men ho har òg arbeidd med andre saksområde, til dømes konsesjonslovgiving og helsepolitikk. Ho har hatt ei rekkje administrative og offentlege verv, mellom anna i Kommunenes Sentralforbund, som medlem i landsstyret for Norsk Lærarlag, medlem i Utvalet for menneskerettar og i Riksrettsutvalet. Sidan 2007 har ho vore styremedlem av Helse Førde, frå 2008 nestleiar, frå 2012 leiar til ho gav seg grunna sjukdom i 2016.
Kjelder
Biografi om Jorunn Ringstad, NRK Sogn og Fjordane fylkesleksikon, publisert 22.01.2007, http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/nrk_sogn_og_fjordane/fylkesleksikon/1234608.html [lesedato 17.04.2010]
Biografi om Jorunn Ringstad, stortinget.no, http://www.stortinget.no/no/Representanter-og-komiteer/Representantene/Representantfordeling/Representant/?perid=JR [lesedato 16.04.2010]

Først publisert: 26.05.2010
Sist oppdatert: 01.08.2018