Hopp til innhold

Klaus Høyem

Klaus Jakobson Høyem frå Byneset var lærar og hospitalforstandar i Trondheim. Han var tidleg ute med å gjendikte salmar og andre dikt til ein nynorsk som delvis var prega av trønderdialekten.

Klaus Høyem var fødd på klokkargarden i Bynes 7. desember 1851 og døydde 20. april 1923 på St. Elisabeths hospital i Trondheim. Han tok lærareksamen ved Klæbu seminar i 1870 og arbeidde frå 1871 som klasselærar og etter kvart også som kasserar ved katedralskulen i Trondheim. Frå 1899 og fram til han døydde, var Høyem forstandar for «Trondhjems spital» (eldre ord frå latin via norrønt for hospital). Det er ein diakonal institusjon med røter frå mellomalderen, og i Høyems tid var det ein aldersheim for trengande både frå byen og begge trønderfylka.

Til liks med eit par eldre brør var Høyem med i det grundtvigske miljøet i Trøndelag, og i 1870-åra publiserte han fleire tekstar på norsk landsmål. I bladet Bud til Menigmand hadde han såleis juleandakta «Ein liten Bite til Jolekvelds» i 1873 og eigne omsetjingar av dei kjende songane «Deilig er jorden» og «Alltid freidig» i 1875.

Til opninga av folkehøgskulen på Bynes i Trondheim ved nyttår 1876 stod Høyem bak heftet Sångkrans, med gjendiktingar av elleve songar og salmar. Mellom dei var Grundtvig-tekstar som «O, kristelighed» og «Hvad solskin er for den sorte muld», saman med Bjørnsons «Norsk sjømands-sang» («Den norske sjømand») og den kjende salmen «Kjærlighed fra Gud». Første verset i den sistnemnde salmen lyder slik i Høyems versjon: «Kjærleik varm frå Gud / fløymer beinast ut / som ei kjelde klår og rein. / Der er grunnen gjild; / Ned på botnen stil / Gjøymes livsens ædelstein». Tilsvarande vart Ingemanns «Deilig er jorden» opna slik: «Fager er jorda! / Stråland’ er Guds himmel! / Væn er åndens heimatgång! / Gjenom dei fagre / rikja på jorden / går vi åt Paradis med sång».

I 1873 gav Høyem på eigen kostnad ut ei omsetjing av Grundtvigs poetiske drama Paaske-Lilien. Der møter vi mellom andre soldatane som stod vakt ved Jesu grav, og mot slutten, når grava er opna og Jesus oppstaden, tonar eit englekor med: «Gud ske Lov! / byd Grava Spot og Dauden Trås, / ver evig sæl! / Og syng med os, / vårt Gud ske Lov!»

Høyems nynorsk var meir normalisert enn den broren Olav J. Høyem brukte, men tekstane frå Trøndelag fekk ikkje særleg gjennomslag nasjonalt. Omsetjingane vitnar like fullt om ungdomeleg ihug og alvorleg arbeidsinnsats for å formidle den kristne bodskapen til medmenneske i eit folkeleg språk.

Kjelder

Bud til Menigmand (blad redigert av H. Wexelsen), 1872–1876

Digitalarkivet: Skanna kyrkjebøker for Trondheim 1923

N.F.S. Grundtvig: Påskelilja. Umskrivi på norsk av Klaus Høyem. Trondheim 1873

 

Rolf Grankvist: Nidaros kirkes spital 700 år. Trondhjems hospital 1277–1977. Trondheim 1982. Tilgjengeleg i Bokhylla, nb.no: https://www.nb.no/items/URN:NBN:no-nb_digibok_2012091806022

O.J. Høyem: Nes eller Bynes (og Buvik). En bygdebeskrivelse. Trondhjem 1894. Tilgjengeleg i Bokhylla, nb.no: https://www.nb.no/items/URN:NBN:no-nb_digibok_2006112301006

Stortingsproposisjon nr. 4e (1883): Trondhjems Kathedralskole (budsjett 1883–1884)

[K. Høyem], Sångkrans åt høgskulen på Bynese (3dje januar 1876). [Trondhjem] 1875

Først publisert: 24.02.2020
Sist oppdatert: 24.02.2020