Hopp til innhold
X
Innhald

Knud Bergslien

Knud Bergslien, framståande kunstmålar og lærar med eigen målarskule i Kristiania. Bror til Brynjulf Bergslien.

Knud Bergslien var fødd på Voss 15. mai 1827 og døydde på Diakonhjemmet i Kristiania 26. november 1908. På underoffiserskulen i Bergen vart han friteken for garnisonstenesta for å følgje undervisninga ved Bergen tegneskole. Seinare vart han elev av landskapsmålaren Hans L. Reusch. Etter opphald i Antwerpen frå 1849 og Paris 1850 kom han i 1852 attende til Bergen som lærar ved Bergen tegneskole og som portrettmålar, men alt året etter flytta han til Kristiania, der han heldt fram som portrettmålar. I 1855 fekk han statsstipend til vidare studium i utlandet og reiste til Düsseldorf, den gongen eit sentrum for nasjonalromantisk målarkunst. Bergslien måla der fleire av dei mest kjende bileta sine, mellom dei «Birkebeinerne på Ski over Fjeldet med Kongsbarnet» og «Kong Sverre på Vossefjeldene».
Mot slutten av 1860-åra gjekk det nedover med målinga, og broren Brynjulf henta Knud heim til Kristiania att i 1869. Der tok han opp att målinga, særleg portrettmåleri. Johan F. Eckersberg hadde opna Kristiania Malerskole i 1859. Då Eckersberg brått døydde sommaren 1870, tok Knud Bergslien over leiinga av skulen saman med Morten Müller. I 1873 fekk han oppdraget med å måle det offisielle biletet av kroninga av Kong Oskar 2. i Nidarosdomen. Frå same året styrte Bergslien skulen åleine og endra namnet til Bergsliens Malerskole. Mange av dei mest kjende norske kunstmålarane var elevar ved skulen hans, som Bergslien dreiv fram til kring 1900.
Frå 1900 fekk Knud Bergslien årleg 800 kroner i statspensjon.
Kjelder
Magnus Dagestad: Dei tre Bergsli-kunstnarane. Voss 1945
Thor Warberg: Bergslien-målarane. Folkeliv i fargar. Førde 2008

Først publisert: 03.05.2010
Sist oppdatert: 03.05.2013