Hopp til innhold
X
Innhald

Knut Åm

Knut Åm, norsk sivilingeniør, geofysikar, industrileiar og professor, som mellom anna har vore direktør i Phillips Petroleum.

Knut Åm er fødd i Årdal 18. januar 1944 og har bakgrunn frå bygdemiljø i Oppdal og Ørsta. Han tok examen artium ved Volda offentlege landsgymnas, og gjekk deretter på Volda offentlege Øvingsskole. Han er utdanna sivilingeniør i teknisk geologi frå Norges tekniske høgskole (NTH).
Åm byrja karrieren si i Norges geologiske undersøkelse (NGU) i Trondheim, der han arbeidde i fem år. Han var redaktør for NGU sin vitskaplege serie og internbladet NGU-nytt. Ved sida av underviste han i malmgeologi, malmleiting og geofysikk ved NTH. Seinare flytta han til Stavanger og arbeidde først i Oljedirektoratet og frå 1979 til 1982 i Statoil.
Sidan 1982 har Åm vore tilsett i Phillips Petroleum Company, der han var viseadministrerande direktør for den norske avdelinga frå 1986 til 1988. Frå 1988 til 1990 var han regionsjef i Texas-avdelinga og frå 1991 til 1995 administrerande direktør i den norske avdelinga. Frå 1996 leidde han leitinga og produksjonen til Phillips Petroleum i heile verda, til han gjekk av med pensjon i 1999.
Åm har vore styremedlem i Statoil frå 1999 til 2007, og han har vore styreleiar i Oljeindustriens landsforening, Christian Michelsen Research AS og Hitech ASA. Han har òg vore president i Norsk petroleumsforening og Norsk geologiråd. Frå tidlig i 1980-åra var han ekstern professor ved Institutt for geovitenskap ved Universitetet i Bergen.
Å bruke nynorsk var uvanleg i det industrielle miljøet, og Åm fekk Målprisen frå Rogaland Mållag i 1980-åra.
Kjelder
Anne Kristine Børresen: «Naturinteressert naturbygger», geo365.no, sist oppdatert 6.4.2009, http://www.geo365.no/nytt_om_navn/industribygger/ [lesedato 2.5.2010]
Nils Gundersen: «Knut Åm», snl.no, http://www.snl.no/Knut_%C3%85m [lesedato 2.5.2010]
Knut Åm, biografi, statoil.ru, sist oppdatert 15.3.2007, http://www.statoil.ru/fin/SVG03595.NSF/UNID/C0E8CA7946D85E4BC1257082003C2360?OpenDocument [lesedato 2.5.2010]

Først publisert: 12.08.2011
Sist oppdatert: 12.08.2011