Hopp til innhold

Knut Knutsen Rudie

Knut Knutsen Rudie, lærar, snikkar, målmann og diktar i det norske Amerika.

Knut Knutsen Rudie var fødd 13. desember 1865 på husmannsplassen Brubrøtin i Øystre Slidre i Valdres. Frå faren lærte han snikkarfaget, og han var frå unge år interessert i rosemåling og treskjering. Våren 1886 utvandra han saman med foreldra og ei syster til Amerika, der to eldre brør hadde slått seg ned. I 1898 var han på besøk i gamlelandet som korrespondent for avisa Skandinaven.

Sjølv om Rudie livnærte seg som snikkar og lærar, omtalte han seg sjølv som diktar. Berre Jon Norstog publiserte meir på nynorsk enn han i Amerika. Rudie var ein ihuga målmann og trudde på gjennomslag for nynorsken i Amerika. Kjærleiken til målet kjem ofte til uttrykk i dikta hans.

Med totalt 21 tekstar – dikt, bokmeldingar og artiklar – er Rudie den største bidragsytaren i nynorskbladet Norrøna i 1900/01-årgangen. I to dikt, «Velkomsthelsing til Norrøna» og «Helsing til Norrøna», ser han målet som ein levande organisme som skal hjelpe fram nynorsken i Amerika. Retorikken i desse to dikta er knytt opp mot ord som atterføding, nasjonen, norrøn kultur, styrke, kjærleik, byrgskap og fridom. Men alle dikta er likevel ikkje like optimistiske når det gjeld framtida for målet og den nynorske skriftkulturen i Amerika. I diktet «Fedrelandskjærleik» oppmodar han potensielle emigrantar om å verte verande i Noreg og fremje landsmålet der.

Rudie publiserte over to hundre to dikt, på begge målformer, dei aller fleste på nynorsk. Dei beste dikta hans er samla i Sol og Skygge (1903). Dikta krinsar mykje om dei same motiva som i andre norskamerikanske dikt. Dei handlar ofte om fedrelandet, forfedrar, norsk natur og fråhaldssak.

Rudie dreiv òg eit eige forlag i heimen sin i Minneapolis og gav ut sine eigne småbøker der. I tillegg til Sol og Skygge, gav han ut Valdris-Sambandet (1903), Mindekrans om Bjørnstjerne Bjørnson (1910), Johnsons merkelige drømme om himmel og helvede (1912), Norge. En mindekrans 1814–1914 (1914) og Til Minde om min gjæve ven John Lie (1916). Før bladet Norrøna vart etablert, publiserte han dikt mellom anna i Ungdommens Ven, Vesterheimen, Valdris-Samband, Samband, Skandinaven, Decorah-Posten, Norsk Ungdom og Ung-Norig i Noreg.

Kjelder

Rudie papers, NAHA-archives, St. Olaf College, Northfield, Minnesota

Geir Beitrusten: Valdres Bygdebok I. Gardar og slekter i Øystre Slidre. A Hegge og Lidar. Leira 1987

Arne Sunde: «A Minority within a Minority. The Promotion of Nynorsk in the United States, 1900–1920» i Odd Lovoll (red.): Norwegian-American Studies, Volume 34. The Norwegian-American Historical Association. Northfield, Minnesota 1995

Orm Øverland: The Western Home. A Literary History of Norwegian America. The Norwegian American Historical Association. Northfield, Minnesota 1996

Først publisert: 02.05.2018
Sist oppdatert: 02.05.2018