Hopp til innhold
X
Innhald

Konrad Magnus Elda

Konrad Magnus Elda, forleggjar og lærar. Han underviste i landsmål i skulen ni år før Stortinget hadde jamstelt norsk-dansk og landsmål i 1885.
Elda blei fødd på Namdalseid 31. juli 1855 og døydde 11. juli 1955. Etter Klæbu seminar og kurs med lærarar som Christopher Bruun, Kristofer Janson og Marius Hægstad arbeidde Elda som lærar i Overhalla og på Svorkmo i Orkdal. Han underviste på landsmål i skulen alt i 1876.
 
Elda gav ut mange blad, mellom dei Orkdølen 1891–1915, barnebladet Næmingen 1898–1906 og Trønderungdomen 1899–1903. Elda redigerte bladet Orkmannen i ei årrekkje, gav ut fleire lokalhistoriske skrifter om Orkdal og bladet Orka 1950–51.
 
Han var formann i Orkladalens ungdomslag 1903–04.
 
Kjelder
Ottar Grepstad: Viljen til språk. Ei nynorsk kulturhistorie. Oslo 2006

Først publisert: 16.06.2009
Sist oppdatert: 09.02.2010