Hopp til innhold
Kristian Halse. Foto: © Stortingsarkivet / Scanpix.
Kristian Halse. Foto: © Stortingsarkivet / Scanpix.
X
Innhald

Kristian Halse

Kristian Halse, lærar og politikar, var ei drivande kraft i kulturlivet i Vefsn kommune. Han gav ut bøker og skreiv artiklar om historie og kultur i Mosjøen og Vefsn. Han skreiv òg artiklar om Helgelands kulturhistorie.

Kristian Halse var fødd 14. desember 1926 i Stangvik i Møre og Romsdal og døydde 6. november 2018. Han voks opp på gard.

Halse gjekk på Nordmøre folkehøgskole i 1945–46 og tok lagsleiarlinja på Voss folkehøgskole i 1946–47. Han blei uteksaminert frå Nesna offentlege lærarskole i 1951, tok skulesonglærareksamen ved Musikkonservatoriet i Oslo i 1956 og mellomfag i norsk og historie i 1959.

Gjennom heile yrkeslivet som lærar var han i Vefsn. Frå 1951 til 1960 var han tilsett ved Vefsn folkehøgskole, og etter det kom han til Mosjøen videregående skole, der han var adjunkt fram til han blei pensjonist i 1991.

Halse var ein omtykt lærar. Han var fagleg sterk og underviste med glød og engasjement. Tidlegare rektor ved Mosjøen videregående skole, Arnfinn Tore Kvaløy, omtaler han som ein lærar i særklasse.

Halse var sterkt politisk engasjert, både lokalt og som stortingsrepresentant for Venstre i storparten av perioden 1969–73, då han møtte som vararepresentant for Johan Kleppe, som var forsvarsminister i regjeringa Korvald i 1972/73. Då han møtte fast, var han medlem av landbrukskomiteen. Ein periode var han varamedlem til Norsk språkråd. I heimkommunen var han med i ei rad styre og råd.

Utanom læraryrket var han sterkt engasjert i kulturelle aktivitetar. Han gav ut bøker om komponisten David Monrad Johansen, Vefsn Venstre, skular i Mosjøen og Vefsn, Mosjøen idrettslag og Mosjøen mannskor, der han òg var dirigent i fleire år. Han er representert i to lyrikkantologiar og har publisert dikt i Syn og Segn og Vinduet.

I 2008 fekk han Kongens fortenestemedalje i sølv. 17. mai 2014 blei det avduka ei byste av Halse i Mosjøen Kulturhus.

Kjelder

Samtale med Arnfinn Tore Kvaløy, tidlegare rektor ved Mosjøen vgs., 11.9.2017

Kristian Halse: Levande tid. Prologar og dikt. Vefsn Museum 2001

Kristian Halse: Min løynde blom. Melhus 2009

Kristian Halse, «Representanter og komiteer», stortinget.no: https://www.stortinget.no/no/Representanter-og-komiteer/Representantene/Representantfordeling/Representant/?perid=KRHA [lesedato 19.9.2017]

Peikarar

Bibliografi i Oria 

Digitaliserte bøker av Kristian Halse på Nasjonalbiblioteket, nb.no

Først publisert: 25.01.2018
Sist oppdatert: 27.11.2018