Faktaboks

Kristofer Janson
Kristofer Nagel Janson. Fram til ca. 1867 vart førenamnet helst stava Christopher.
Fødd
5. mai 1841, Bergen, Vestland
Død
17. november 1917, København, Danmark
Verke
Teolog og forfatter
Familie

Foreldre: Kjøpmann og amerikansk konsul Helmich Janson (1804–68) og Constance Frederikke Sophie Neumann (1808–80).

Gift 1) 22.5.1868 med Drude Ulrikke Petrea Krog (18.10.1846–17.3.1934), datter av sogneprest Hans Jenssen Krog (1808–97) og Ingeborg Christine Endresen (1813–53), ekteskapet oppløst 24.3.1897; 2) 2.4.1897 med Georgine Louise Bentzen (f. 22.1.1861), datter av lensmann Carl Michael Bentzen (1831–1907) og Anne Barbara Coldevin Stabel (1835–73).

Sønnesønns sønn av Herman Didrich Janson (1757–1822); dattersønn av Jacob Neumann (1772–1848).

Kristofer Janson

Kristofer Janson i 1904. Bilde frå Norsk biografisk leksikon.

Kristofer Janson
Av /NTB Scanpix ※.

Kristofer Nagel Janson. Foto fra 1904.

.
Lisens: Avgrensa gjenbruk

Kristofer Janson var ein norsk teolog, folkehøgskulelærar, diktar og unitarprest. Han var den første landsmålsforfattaren som fekk kunstnarløn av Stortinget, og ein av dei aller første som gav ut religiøs litteratur på nynorsk.

Janson var fødd i ein bergensk kjøpmannsfamilie. Han vart cand.theol. i 1865, og i åra etter gav han ut fleire bondeforteljingar, skodespel og dikt. Han var målmann frå ungdomstida og hjelpte Henrik Krohn med Vestmannalaget og Ferdamannen.

I 1870-åra var Janson lærar ved folkehøgskulen Vonheim i Gausdal, men han tileigna seg teologiske synsmåtar som etter kvart skapte avstand til styraren, Chr. Bruun. Vinteren 1879–1880 var han på talarferd i USA, og i 1881 vart han ordinert til prest for ei unitarkyrkje i Midtvesten. I 1893 flytta han til Noreg att og grunnla på nyåret 1895 Broderskabets Kirke i Kristiania.

På sine eldre dagar heldt Janson mange foredrag i folkeakademia og skreiv fleire bøker både på nynorsk og bokmål. Av den store produksjonen er det eitt dikt mange nordmenn framleis kjenner, nemleg «Hu hei! kor er det vel friskt og lett oppå fjellet!».

Han var gift med Drude Janson.

Bergensk målmann

Kr. Janson høyrde til ein venekrins av unge, velståande bergensarar som tidleg vart overtydde målmenn. Som fersk student reiste han i 1859 til hovudstaden og talte i russelaget på ein måte som fekk A.O. Vinje til å skryte av «det fagraste Hardangermaal, som kan høyrast». Etter embetseksamen i 1865 dreiv han nokre år med undervisning og litterær verksemd i Bergen. Han var med på skipinga av Vestmannalaget i 1868 og skreiv fleire dikt til Ferdamannen.

Populær lærar

Frå 1869 til 1878 var Janson lærar ved Chr. Bruuns folkehøgskule i Gudbrandsdalen. Saman med kona Drude Krog gjekk han til arbeidet med liv og sjel, og han tok seg mykje av dei unge også utanom timane: «Med det friske, lyse lyndet sitt, den barnlege trua og entusiasmen, hadde Janson lett for å vinne elevane» (Torjusson).

Same våren som Elias Blix gav ut dei første salmane på landsmål, gav Janson ut dei første preikene: Tri Preikor fyre det norske Landsfolket. Begge bøkene var viktige pionerarbeid som fekk stor utbreiing. Mykje tyder på at Janson også var den første som preika på nynorsk under ei gudsteneste. Det var i Fåberg kyrkje 7. januar 1872. Men både målstrevet og grundtvigske sympatiar gjorde at lokale prestar seinare nekta han å preike i kyrkjene.

Dikt, romanar og skodespel

Heilt frå studietida skreiv Janson dikt og forteljingar. Bjørnstjerne Bjørnsons Synnøve Solbakken inspirerte han til å skrive om bygdekulturen på folkespråket. Bøkene hans fekk ein stor lesarkrins. Dei kom i stadig nye opplag, og somme vart sette om ikkje berre til nordiske språk, men òg til engelsk, tysk og italiensk.

I 1876 vedtok Stortinget med 77 mot 30 røyster å løyve offentleg diktarløn til Janson. Dei andre som hadde fått det, var Henrik Ibsen, Bjørnstjerne Bjørnson og Jonas Lie. Janson var den første landsmålsforfattaren som fekk oppleve slik ære, og eit av argumenta var «ønsket om at bringe en stor Aand, som nu er henfaren, et Forsoningsoffer, – jeg sigter til Aasmund Olavsson Vinje» (juristen og venstremannen Walter Scott Dahl i stortingsdebatten 1.4.1876).

Unitarismen og Broderskabets Kirke

Jansons opne religiøse haldning skapte avstand ikkje berre til eit konservativt norsk presteskap, men etter kvart også til mange av venene i folkehøgskulen. Gjennom Bjørnson vart han kjend med moderne bibelkritikk, og han byrja òg å interessere seg for amerikansk unitarteologi.

Unitarane legg så sterk vekt på at Gud er ein, at dei forkastar kyrkja si tradisjonelle treeiningslære. Jesus er heller eit idealmenneske enn ein guddom. Dei vil vere udogmatiske og framhevar at trua vert gitt i møtet mellom Gud og det einskilde mennesket. Janson mislikte alle statskyrkjelege tvangsordningar, og han prisa den religiøse fridomen i Amerika.

I 1881 vart Janson ordinert i unitarkyrkja i Chicago, og deretter verka han i tolv år som prest for slike kyrkjelydar i Minneapolis og områda rundt. Verksemda hans i Amerika og publikasjonar som Har Ortodoksien Ret? (1886) førte til debatt og fleire motskrift heime i Noreg.

Etter åra i USA skipa Janson i 1895 den unitariske Broderskabets Kirke i Kristiania. I preikene der tok han gjerne utgangspunkt i samtidslitteraturen, og hausten 1899 inviterte han Ivar Mortensson til å tale på landsmål i gudstenesta. Då var kyrkjelyden alt splitta fordi mange la meir vekt på det etiske enn det åndelege, og Janson skal på den andre sida ha søkt mot spiritismen.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Halvorsen, Jens B. (1892): «Janson, Kristofer Nagel», Norsk forfatter-lexikon, nr.3. Kristiania: Den Norske Forlagsforening
  • Handagard, Idar (1925): «Kristofer Janson», Syn og Segn. 1925
  • Heidelberg, Knut K.S.M. (2006): Frisinnet kristendom : unitarismen i Norge 1893-1937. Masteroppgåve. Det teologiske menighetsfakultet
  • Janson, Kristofer (1876): «Fra Gausdal», Oplandenes Avis nr. 33, 22.4.1876
  • Janson, Kristofer (1913): Hvad jeg har oplevet. Livserindringer. Kristiania: Gyldendal
  • Torjussen, Aslak (1977): Den norske folkehøgskulen : opphav og grunnlag. Oslo: Det Norske Samlaget

Faktaboks

Kristofer Janson
Historisk befolkingsregister-ID
pf01036392136567

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg