Hopp til innhold

Kristoffer Sælid

Kristoffer Oveson Sælid, lektor og norskdomsmann. Han var ein av dei som sytte for at norskdomsarbeidet ikkje blei nazifisert under den tyske okkupasjonen.
Sælid var fødd i Øystre Slidre 10. februar 1905 og døydde 24. november 1990. Han blei cand.theol. i 1930, og han var dagleg leiar i Noregs Ungdomslag og Noregs Mållag 1936–42 og 1945–47.
 
Sælid redigerte Norsk Ungdom 1936–47, og i åra 1942–45 dreiv han saman med mellom anna Knut Fortun den illegale organisasjonen Sivleringen for å hindre nazifisering av ungdomsarbeidet.
 
Frå 1947 var han lektor ved Oslo off. lærarskule og underviste i nynorsk ved Universitetet i Oslo 1965–77.
 
Blant skriftene hans er Rettleiing i ungdomsarbeid (1948) og Glytt frå lagslivet i Noregs Ungdomslag i eldre tid (1949).
 
Kjelder
Ottar Grepstad: Viljen til språk. Ei nynorsk kulturhistorie. Oslo 2006

Først publisert: 17.09.2009
Sist oppdatert: 20.08.2010