Hopp til innhold
X
Innhald

Leiv Døssland

Leiv Døssland var skulemann og gav ut to barnebøker tidleg i 1950-åra.

Leiv Døssland var fødd i Fana 23. desember 1914 og døydde i Kvinnherad 31. mai 1996. Han voks opp på Sunde i Sunnhordland. Døssland gjekk Fana Folkehøgskule i 1932, tok examen artium ved Voss gymnas i 1938, deretter gjekk han på lærarskulen i Volda, der han tok eksamen i 1940. I 1964 tok han hovudfag i norsk ved Universitetet i Bergen, med ei oppgåve om «Barnet i Olav Duuns dikting».

Frå 1940 til 1952 var han lærar ulike stader, både i grunnskulen og ved folkehøgskular. I åra 1952–59 var han lærar ved Torshus Folkehøgskule i Levanger. Frå 1960 til 1972 var han tilsett ved Firda gymnas på Sandane, før han flytta til heimbygda og vart rektor ved det nyskipa gymnaset på Husnes fram til 1979.

I ungdomen var han aktiv i ungdomslag, og han vart seinare instruktør for både dramagrupper og kor. Han var òg engasjert i folkeakademi og mållag.

Døssland gav ut to barnebøker, Gull i Gygreskard? (1952) og Unn og fløytespelaren (1954). I begge bøkene er handlinga lagd til den første etterkrigstida. Hovudpersonane er 12–13 år gamle og opplever både spennande hendingar og vanskelege vaksne. Ein sentral bodskap i begge bøkene er at det bur meir i folk enn det kan sjå ut til. Men vilkåret for vekst og utvikling for den enkelte er tru på seg sjølv – som igjen er avhengig av at andre viser tillit og gir ansvar.

Døssland tok initiativet til opprettinga av Kvinnherad sogelag og til Årbok for Kvinnherad, (seinare Kvinnhersminne) og var redaktør for dei fem første årbøkene (1982–1990).

Kjelder

E‑post frå Atle Døssland 3.10.2017

Peikarar

Digitaliserte bøker av Leiv Døssland  på Nasjonalbiblioteket, nb.no

Først publisert: 01.06.2018
Sist oppdatert: 01.06.2018