Hopp til innhold
Foto: Stortinget
Foto: Stortinget
X
Innhald

Lene Vågslid

Lene Vågslid, lærar og stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet frå Telemark frå oktober 2010.

Lene Vågslid er fødd 17. mars 1986 i Tokke kommune i Telemark. Ho har bachelorgrad i praktisk-estetiske fag frå Høgskolen i Telemark, avdeling Notodden, i 2010, er tilsett som lærar i Tokke og stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet frå Telemark frå 2010.
Vågslid skipa lokallag av AUF i heimkommunen då ho gjekk på vidaregåande skule. Ho var leiar i Telemark AUF i 2003–06, styremedlem i Telemark Arbeidarparti sidan 2003 og representant for Arbeidarpartiet i fylkestinget i Telemark frå 2007. Vågslid har vore leiar av Bø Arbeidarparti og er leiar av kvinnenettverket i Telemark Arbeidarparti. Ho blei vararepresentant til Stortinget i 2009, men møtte fast i den perioden frå oktober 2010 for Gunn Olsen.  I perioden 2013—17 er ho stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet frå Telemark. Ho sat i familie- og kulturkomiteen 2009—13 og i perioden 2013—17 er ho medlem av justiskomiteen. Politisk arbeider ho mellom anna for å styrkje barnevernet, for kultur, likestillingstiltak og fleire forsøk når det gjeld assistert befruktning.
Vågslid har vore aktiv innanfor kulturlivet i heimfylket, mellom anna i lokale revyar. Ho blir referert på nynorsk i Stortinget.
Kjelder
Martin Fremstad: «Hektisk for Turbo-Lene», ta.no: http://www.ta.no/pulsen/article4773498.ece [lesedato 22.1.2013]

Først publisert: 20.08.2013
Sist oppdatert: 02.02.2015