Hopp til innhold
Lidvald Stubhaug (2007). Privat foto. Nytta med løyve for Allkunne.
Lidvald Stubhaug (2007). Privat foto. Nytta med løyve for Allkunne.
X
Innhald

Lidvald Stubhaug

Lidvald Stubhaug var lærar og skulesjef som skreiv forteljingar, dikt og prologar med tydeleg lokalt og kulturhistorisk feste.

Lidvald Stubhaug var fødd 15. januar 1919 i Naustdal i Sunnfjord og døydde 19. november 2012 i Fitjar. Han tok eksamen ved Voss landsgymnas, gresklinja, i 1938. Deretter gjekk han lærarskulen i Levanger, med eksamen i 1940. Hausten 1940 og våren 1941 hadde han fleire kortare lærarvikariat, men frå hausten 1941 fekk han fast stilling i Vevring i Naustdal. Her var han lærar til 1949.

Sommaren 1941 vart Stubhaug fengsla av nazistyresmaktene og vart dømd til tukthus i to månader, skulda for å ha drive med anti-tysk propaganda i skulen. Han sat først i Bergen kretsfengsel og deretter ein månad i Ulven fangeleir utanfor Bergen.

I 1949 vart Stubhaug tilsett som lærar ved Rimbareid skule i Fitjar, og han var òg klokkar. Frå 1953 til 1986 var han skuleinspektør, etter kvart med tittelen skulesjef, i kommunen.

Stubhaug debuterte som forfattar med barneboka Mysteriet i Trolldalen i 1936, berre 17 år gamal. Dette er ei spenningsbok om tre gutar i konfirmasjonsalderen og deira opplevingar i fjellet gjennom ein sommar og ein haust. I åra 1936 til 1939 hadde Stubhaug fleire tekstar i Nynorsk Vekeblad, og i åra etter krigen hadde han mange dikt på prent i ulike aviser, blad og julehefte. Men først i 1993 kom den neste boka, Kone og mann i same spann. Dette er ei barnebok, der kjende eventyr er skrivne om i verseform. Eg fann, eg fann (2002) er ei bok i same sjangeren.

Stubhaug gav ut til saman åtte bøker. Fire av dei er samlingar av dikt og prologar som han hadde hatt på trykk i ulike publikasjonar eller hadde framført i høve jubileum og festar, dei eldste frå slutten av 1930-åra. I desse tekstane er naturen, bygda og bygdefolket, historia og kvardagslivet sentrale tema, stundom i enkle allegoriske framstillingar.

Breidalstunet (1998) er ei kulturhistorisk skildring av ein vestlandsgard før utskiftinga, formidla i forteljingsform, om ei skuleklasse som arbeider med eit stort lokalhistorisk prosjekt, der dei lærer om gardsdrift og levemåte i eldre tider.

Stubhaug var far til forfattaren Arild Stubhaug, fødd i 1948.


 

Kjelder

Britt Kringlen: «Lidvald Stubhaug», i Naustdal Sogelag: Sogeskrift 2015

 

Peikarar

Forfattarside om Lidvald Stubhaug på nettstaden «Forfattarar frå Sogn og Fjordane», forfattarar.sfj.no

Digitaliserte bøker av Lidvald Stubhaug på Nasjonalbiblioteket, nb.no

Først publisert: 14.08.2019
Sist oppdatert: 14.08.2019