Hopp til innhold

Ludvig Eikaas

Ludvig Olav Eikaas, biletkunstnar. Han var ein av «Dødsgjengen» i norsk biletkunst, vart professor og fekk sitt eige galleri i 1994.

Eikaas var fødd i Jølster 20. desember 1920 og døydde i Oslo 5. september 2010. Han studerte ved Statens håndverks- og kunstindustriskole 1942–46, seinare ved Statens Kunstakademi og ved Kunstakademiet i København. Han hadde òg studieopphald i Frankrike og Italia.

Ludvig Eikaas (Bergen, 1969). Foto: Eirik Sundvor. Eigar: Trondheim byarkiv. Kjelde: The Municipal Archives of Trondheim, Flickr.com CC BY 2.0 (arkivref. Tor.H43.B78.F16018).

Ludvig Eikaas (Bergen, 1969). Foto: Eirik Sundvor. Eigar: Trondheim byarkiv. Kjelde: The Municipal Archives of Trondheim, Flickr.com CC BY 2.0 (arkivref. Tor.H43.B78.F16018).

Eikaas debuterte på Statens haustutstilling i 1946. Han eksperimenterte med mange formspråk, nonfigurativt og figurativt, og han arbeidde med mange materiale. Den store retrospektive utstillinga i 2009–2010 viste ein biletkunstnar som heile tida var i rørsle.

Frå 1970 vart Eikaas professor ved Statens Kunstakademi, der han òg var rektor 1981–83. I yngre år var han ein av «Dødsgjengen», saman med Gunnar S. Gundersen, Odd Tandberg og Tor Hoff, unge kunstnarar som eksperimenterte med eit reint nonfigurativt formspråk. 

Eikaas budde det meste av livet i Oslo, men han heldt kontakt med heimbygda. I 1994 vart Eikaasgalleriet opna i det gamle meieriet på Ålhus i Jølster. Han gav hundre av arbeida sine til Jølster kommune i samband med opninga. Seinare gav han fleire, og samlinga omfattar no om lag 800 kunstverk med Ludvig Eikaas sin signatur.

Eikaas er representert i mellom anna Nasjonalmuseet i Oslo, Bergen Kunstmuseum, Henie Onstad Kunstsenter og i museum i København, Firenze og New York. Han fekk mange prisar. I 2000 vart han utnemnd til riddar av første klasse av St. Olavs Orden.

«Jeg» (1970) av Ludvig Eikaas, grafikk. Eigar: Nasjonalmuseet. Foto: Dag Andre Ivarsøy / Nasjonalmuseet, kjelde: Nasjonalmuseet CC BY-NC 4.0.

«Jeg» (1970) av Ludvig Eikaas, grafikk. Eigar: Nasjonalmuseet. Foto: Dag Andre Ivarsøy / Nasjonalmuseet, kjelde: Nasjonalmuseet CC BY-NC 4.0.

Kjelder

Gunnar Danbolt ofl. (red.): Eikaas i 80 ... Festskrift til Ludvig Eikaas sin 80-årsdag. Eikaasgalleriet. Jølster 2000

Ludvig Eikaas. [Utstillingskatalog ved Frode Sandvik]. Oslo 2009

Runar Kristiansen (red.): Edvard Munch, Nikolai Astrup, Rolf Nesch, Ludvig Eikaas. Grafikk/Prints. Jølster 1998

Terje Lyngstad og Eyvind Viken: Slaget om Nasjonal og andre historier fra professor Eikaas' absurde virkelighet. Leikanger 2000

Bjørn Steenstrup: Hvem er hvem? Oslo 1973

Herbjørn Sørebø og Ludvig Eikaas: Fløytelåt. Eit naturmytisk møte med diktaren Jakob Sande. Oslo 1996

Inger Tragethon (red.): Portrett av Ludvig Eikaas. Oslo 1990

Peikarar

Eikaasgalleriet

Først publisert: 30.09.2011
Sist oppdatert: 31.07.2018