Hopp til innhold
X
Innhald

Ludvig Olai Botnen

Ludvig Olai Botnen, journalist i Firda, lærar, ordførar og stortingsrepresentant for Sogn og Fjordane frå Venstre frå 1961 til 1969. I 1980 fekk han Kongens fortenestemedalje i gull.

Ludvig Olai Botnen var fødd 27. mars 1910 i Førde og døydde i 29. april 1987.

I 1931 byrja Botnen å arbeide som journalist i avisa Firda. Han vart redaksjonssekretær i Hordaland Folkeblad i 1933, og i 1934 vart han redaktør i Firda Folkeblad. Det var han fram til 1942. Sidan heldt han fram i stillinga i åra 1945–76. I perioden 1936–61 arbeidde han òg ved Florø Handelsskule, dei to første åra som lærar, seinare som styrar. Av utdanning hadde han examen artium, fullført i 1930 på latinlina ved Voss landsgymnas.

Botnen kom inn på Stortinget for Venstre i 1961. Då hadde han vore leiar av Sogn og Fjordane Venstre i ni år, frå 1951 til 1960. Han sat på Stortinget i to periodar, fram til 1969, og var medlem av samferdselskomiteen i begge periodane. Den andre perioden var han òg varamedlem av den utvida utanriks- og konstitusjonskomiteen. Han var politisk nestformann i Venstre frå 1964 til 1970.

Botnen har hatt ei rekkje lokalpolitiske verv. Han vart ordførar i Florø i 1955. Med to avbrot var han det fram til 1961. Han var òg ordførar ein periode etter gjennomført stortingsteneste, 1975–79. Av offentlege verv kan nemnast at han var formann i skulestyret i Florø 1946–48 og representantskapsmedlem i Noregs bank frå 1962 til 1974. I 1980 fekk han Kongens fortenestemedalje i gull.

Kjelder

Samtale med sonen Bjarte Botnen 21.10.2015

Biografi om Ludvig Olai Botnen, stortinget.no: https://www.stortinget.no/no/Representanter-og-komiteer/Representantene/Representantfordeling/Representant/?perid=LUBO [lesedato 5.4.2016]

Først publisert: 09.02.2017
Sist oppdatert: 09.02.2017