Hopp til innhold
Magnhild Haalke, fotografert i Oslo 12.9.1949. Fotograf: Leif Ørnelund. Eigar: Oslo Museum. Kjelde: digitaltmuseum.no. Inventarnr.: OB.Ø49/1115. CC BY-SA 4.0.
Magnhild Haalke, fotografert i Oslo 12.9.1949. Fotograf: Leif Ørnelund. Eigar: Oslo Museum. Kjelde: digitaltmuseum.no. Inventarnr.: OB.Ø49/1115. CC BY-SA 4.0.
X
Innhald

Magnhild Haalke

Magnhild Haalke, lærar og forfattar, skreiv bøker med kvinner og barn som hovudpersonar. Ho viser kor gale det kan gå når mødrer er makteslause og barn ikkje får vere barn. I mange år var ho ein av dei mestseljande forfattarane her i landet.

Magnhild Camilla Kvaale var fødd på Vikna i Nord-Trøndelag 12. august 1885 og døydde i Oslo 18. oktober 1984. Ho var elev ved Namdalen folkehøgskule i 1901–02 og gjekk lærarskulen på Elverum i 1905–06. Frå 1906 til 1920 var ho lærar på Vikna og på Ørlandet, og frå 1920 til 1940 ved Tjaberg skule i Sør-Odal. Frå 1940 var ho forfattar på heiltid.

Haalke debuterte som romanforfattar med Allis sønn i 1935, ei nærgåande skildring av ein fantasirik gut som vert øydelagd av uforstandige vaksne. I Røsten (1949) er det Peder som lid seg igjennom ein tarveleg barndom.

Dei tre romantrilogiane ho skreiv, har kvinner som hovudpersonar. I Grys saga (1936–41) er handlinga lagd til Haalke sine heimtrakter, i romanane Karenanna Velde, Kaja Augusta og Kvinneverden (1946–54) er forfattaren inspirert av si eiga slekt. Den tredje trilogien handlar om kunstnaren Serina (1955–62).

I alt skreiv ho rundt 25 bøker, dei fleste romanar. Språket er særeige og fargerikt, eit bokmål som nærmar seg samnorsk, med rikt innslag av trøndersk. Sentrale bokmeldarar i samtida gav Haalke svært rosande omtale, og ho fekk fort eit stort publikum. Bøkene vart omsette til mange språk og vart lanserte mellom anna i USA. Allis sønn kom i fleire nytrykk og var månadens bok i Den norske bokklubben i 1984.

Frå 1954 fekk Haalke statens kunstnarløn. For heile forfattarskapen fekk ho i 1980 tildelt Doblougprisen av Svenska Akademien.

Barn skal oppdagast, ikkje oppdragast

Haalke har eit skarpt auge for korleis barn vert forma av menneska rundt seg. I Allis sønn bur Elling saman med mora i farmora og farfaren sitt hus. Faren er til sjøs, farfaren er utilnærmeleg og farmora full av spitord mot Alli. Men éin ting er dei samde om, dei vil at guten skal te seg som andre ungar. Difor må han slutte å rime og tulle med ord og kome med uventa kommentarar. For mora gjeld det å redde familien si ære ved å plukke av sonen alt som skil han frå naboungane.

I Røsten er Peder det forsømte barnet som det går gale med. Når han som vaksen vert spurd om han hadde ein ussel barndom, svarer han nei, det var ingen ussel barndom, for det var ingen barndom. Han fekk aldri lov til å vere liten.

Haalke si litterære bragd er å vise korleis omgivnadene er med på å drive gutane utfor stupet. Ho tar barna sitt perspektiv og er krass mot dei vaksne som ikkje vil sjå barna som dei er, som berre vil oppdrage, ikkje oppdage dei.

Mødrer må skulerast

Haalke sine barneportrett er nært knytte til mødrene sin handlemåte. Dei mødrene ho skriv om, høyrer til ein generasjon som vart tukta til lydnad, til kvinner som aldri krev, berre gir. I Grys saga får ho fram korleis undertrykte mødrer skaper undertrykte døtrer, og at dei som veks opp med hogg og slag, fører uskikken vidare.

Løysinga, seier Haalke, er å gi unge jenter obligatorisk opplæring i morsyrket. Mødrer må vere kunnige, ikkje berre kjærlege, og dei må få løn av staten for det viktige arbeidet dei gjer. I 1946 heldt ho radioforedrag om den nye morsrolla, der ho hevda at kvinnene sin liga for fred og lykke må starte i barnesinna. Foredraget vekte stor merksemd, og Haalke vart invitert til å tale i inn- og utland. Mange norske byar fekk besøk av henne, og foredraget vart trykt som Kan vi bygge en bedre menneskeslekt? (1946).

Magnhild Haalke, fotografert heime i 1962. Fotograf: Dagfinn Grønoset. Eigar: Stiftelsen Glomdalsmuseet. Kjelde: digitaltmuseum.no. Inventarnr.: DGS.2947. CC BY-SA 4.0.

Magnhild Haalke, fotografert heime i 1962. Fotograf: Dagfinn Grønoset. Eigar: Stiftelsen Glomdalsmuseet. Kjelde: digitaltmuseum.no. Inventarnr.: DGS.2947. CC BY-SA 4.0.

Kvinner må leve eigne liv

Haalke meiner ikkje at alle kvinner skal verte mødrer, eller at mødrer skal bruke all si tid heime. Tvert om ivrar ho for at dei må ha eit eige yrke. Sjå på ekteskapa, seier ho, dei går best der begge har arbeid og er økonomisk uavhengige av kvarandre. I 1940 vann ho ein nordisk førstepris for beste yrkeskvinneroman, Trine Torgersen. Boka er eit kampskrift for yrkeskvinner, der Haalke bakar inn mange av sine eigne erfaringar som underbetalt lærarinne.

I bøkene om Serina følgjer vi ei kvinne som bryt med den tradisjonelle kvinnerolla. Serina er kunstnar, og for å konsentrere seg om kunsten går ho frå ektemannen. Det er eit tungt val å ta. Tematisk knyter forteljinga om Serina seg til forteljinga om Allis sønn. Haalke viser at kunstnarsinnet kan vere like sårbart som barnesinnet. Å vere annleis kostar, både for barnet og den vaksne.

Haalke var 50 år då ho debuterte litterært, men var ein høgproduktiv og høgt skatta forfattar resten av livet.

I 2014 vart det reist ein statue av Haalke utanfor biblioteket i Vikna.

Kjelder

Irene Engelstad: «Fortidens forfatter». Klassekampen 23.2.2019

Magnhild Folkvord: Der livet brenn. Ein biografi om Magnhild Haalke. Oslo 2019

Magnhild Haalke: Mot nytt liv. Oslo 1978

Magnhild Haalke: Allis sønn. Oslo 1992

 

Bernhard Ellefsen: «Et glemt mesterverk», morgenbladet.no, publisert 10.4.2015: https://morgenbladet.no/boker/2015/et_glemt_mesterverk (krev abonnement) [lesedato 2.4.2019]

Philip Houm: «Magnhild Haalke», Norges litteratur. Fra 1914 til 1950-årene. Digital utgåve, nb.no: https://www.nb.no/nbsok/nb/02d74f6cde419ef5f49eb3064d943927?index=11#395

Jeanne Terjesen: Allis sønn – «særbarnets tragedie»? Oslo 1981. Digital utgåve, nb.no: https://www.nb.no/nbsok/nb/de47f7e028d457579abf177f3dc5e4cb?index=38#1

 

Peikarar

Terje Eidsvåg: «Hvorfor leser vi ikke Magnhild Haalke?», adressa.no

Tom Lysø: «Festival tilegnet Magnhild Haalke», namdalsavisa.no

NRK Bok: «Anmeldelse: Magnhild Folkvord, Der livet brenn», radio.nrk.no

Vikna historielag: «Minnebauta over Magnhild Haalke avduket», viknahistorielag.com

Først publisert: 15.08.2019
Sist oppdatert: 15.08.2019