Hopp til innhold
Marit Kaldhol. Foto: Øyvind Eide / Samlaget.
Marit Kaldhol. Foto: Øyvind Eide / Samlaget.
X
Innhald

Marit O. Kaldhol

Marit O. Kaldhol, forfattar med internasjonalt gjennomslag. Kaldhols særmerke er biletbøker for barn og poetiske forteljingar for unge. Ho har i tillegg gitt ut lyrikk, noveller og romanar for vaksne.

Kaldhol er fødd 13. april 1955 i Ålesund og bur same staden. Ho har lærarutdanning frå 1977, grunnfag i kristendomskunnskap frå 1978, årskurs i moderne dans frå 1979 og mellomfag i nordisk frå 1991. Ho tok dessutan grunnfag i spansk/latinamerikanske studiar i 1998. Kaldhol har undervist i grunnskulen og den vidaregåande skulen og held skrivekurs for lærarar, kunststudentar og andre.

Ho var med på å danne Møre og Romsdal Forfattarlag i 1983 og var leiar av laget i fleire år. I Det litterære rådet i Norske Barne- og Ungdomsbokforfattere var ho nestleiar 2001–2003 og leiar 2003–2005.

Marit Kaldhol debuterte i 1983 med diktsamlinga Lattermilde laken. Barneboka Farvel, Rune har oppnådd fleire internasjonale barnebokprisar, Premio Europeo Pier Paolo Vergerio i 1987 og Deutsche Jugendliteraturpreis i 1988. I 2001 fekk ho Samlagsprisen. Kaldhol fekk Kulturdepartementet sin pris for barne- og ungdomslitteratur for Kino (2006) og for Søkeord: ayotzintli (2010), og Nynorsk barnelitteraturpris 2015 for boka Zweet. I 2019 blei Søkeord: ayotzintli kåra til ei av dei ti beste ungdomsbøkene som er skrivne på nynorsk etter år 2000.

Farvel, Rune

Fire dagar seinare sit Sara, mamma og pappa i stova.
Sara har skjørt og fineblusen på seg.
Mamma har forklart at Rune er død. Han drukna i dammen.
Kan hende han prøvde å nå tak i båten sin, og så glei han, og klarte ikkje kome seg opp att.
No er han død.
Han kan ikkje snakke meir. Ikkje sjå eller høyre.
Han kan ikkje gå eller springe eller leike meir.
Ikkje smile til Sara. Ikkje klemme ho fleire gongar.
Sara skal aldri få sjå Rune meir.
Fordi han er død.

Dei har vaska og stelt han, og no ligg han i kvite klede nedi i kista si.
Kista er ei kvit trekasse med lokk på, akkurat lang nok til at Rune får plass til å ligge i ho.
Sara skal få vere med på gravferda hans.
Det er derfor ho har pynta seg.
Gravferda er ei lita ferd, ei kort reise til grava på kyrkjegarden der Rune skal gravast ned i jorda.

Er det heilt sikkert at eg aldri, aldri får sjå ha meir
Ja, det er sikkert, svarer mamma.
Men på ein måte er ikkje Rune borte likevel, for viss vi tenkjer på han, kan vi liksom sjå han inni oss.
Og då kan vi snakke til han også. Kjenner du det?
Jo, Sara kan godt kjenne at ho ser Rune inni hovudet sitt.
Særleg når ho knip att augene. Ho ser at han smiler,
og han er akkurat slik som før.
– Kor bra! seier Sara glad til mamma.

Frå Marit Kaldhol: Farvel Rune. Samlaget 1997. Side 9.
Publisert med løyve frå forfattar og forlag. Elektronisk utgåve ved Nynorsk kultursentrum 2015.
Les boka på Nasjonalbiblioteket sine nettsider

Biletboka Farvel, Rune (1986, illustrert av Wenche Øyen) er blitt ein klassikar innanfor biletboksjangeren. Boka skildrar sorga til ei småjente som misser leikekameraten sin ved ei drukningsulykke. Boka er omsett til over tolv språk og utgitt i mange land, mellom anna Japan, USA og Canada. Dette er den norske biletboka som har fått aller størst internasjonal merksemd.

Barns forhold til døden er tema i fleire barnebøker av Marit Kaldhol. Ho skriv direkte og varsamt, usentimentalt og innlevande om barn som misser og sørgjer, tenkjer og undrast og forstår det som skjer på sine måtar. Og låste med ein hengelås (1991, Sirius-serien) handlar om ein kjær morfar som døyr, kva som er borte med han, og kva som lever vidare etter han.

Omslaget til barneboka «Farvel, Rune». Illustrasjon: Wenche Øyen. Publisert etter avtale med Det Norske Samlaget.

Omslaget til barneboka «Farvel, Rune». Illustrasjon: Wenche Øyen. Publisert etter avtale med Det Norske Samlaget.

Enkelt om det innfløkte

Sidan debutboka har Marit Kaldhol skrive ei rekkje bøker for barn og ungdom. Det er bøker for små barn med tekst og bilete, lettles-bøker og bøker for større barn og ungdom. Ho har òg skrive for barnetimen for dei minste i NRK.

Skrivestilen til Kaldhol er enkel og direkte, med korte og greie hovudsetningar. Bøkene er lettlesne, men i innhaldet følgjer teksten dei innfløkte tankane som barn kan ha. Bøkene verkar enkle fordi forfattaren skriv etter kjende mønster – tretalsformelen frå eventyra, fyndord og ordtak. Samtidig skildrar dei komplekse tilstandar. Oppattakingar, ordspel og rytme manar fram det mystiske og usagde og gir mange meiningslag.

Ungdomspoesi

Kaldhol skriv lett tilgjengelege og psykologisk gjenkjennelege tekstar for ungdom, samtidig som ho bryt kvardagsrealismen og fabulerer i ukjende fantasiland. Ungdomsromanen har du peiling på fisk? (1999) handlar om ein ung gut på evig leiting etter ein far som kanskje omkom i ei bilulukke før han var fødd. Guten kolliderer med sykkelen, misser livet og kjem til himmelen, der han møter John Lennon og Ivar Aasen.

Diktboka Ho som ror (2007) er eit høgdepunkt i ungdomslitteraturen til Kaldhol. Dikta fortel om ei ung jente som grip årene og ror. Vi blir med på ein rotur gjennom tida, der ungjenta sansar og utforskar, drøymer og lengtar.

Potetkaker

så går ho heilt inn
opnar kjøkkendøra stig over dørstokken
varme søt lukt varme
ved komfyren står ei og steiker
potetkaker, ei jente på hennar eigen alder
jenta snur seg rekker henne nysteikt potetkake

det er mor

som rekker henne nysteikt potetkake med smør
smøret smeltar, søtt blandar seg med salt
mjølflekkar på forkledetraude kinn, jentene smiler
til kvarandre
vindauget står på gløtt
begge kjenner ein liten vind

Frå Marit Kaldhol:Ho som ror. Samlaget 2007. Side 48.
Publisert med løyve frå forfattar og forlag. Elektronisk utgåve ved Nynorsk kultursentrum 2015.

Kino (2006) er ei samling kloke og vare noveller for ungdom om vaknande erotikk og pubertet, ambivalens, lyst og begjær.

Bøker for vaksne

Kaldhols spesielle evne til å skildre barndom pregar også vaksenbøkene. Dei handlar ofte om barn og barndom eller skifter mellom minnestoff og notid. I romanen Blondene gir seg ikkje (2006) kjem barndommen og oppveksten til syne som glimt og hemmelege rom i sanselandskapet. Gjennom poetiske bilete kan barndomsinntrykka få kome til uttrykk og bli arbeidde med gjennom dei fantasifulle og groteske hemnmanøvrane i ettertid som språket gjer mogeleg.

Heilt frå debuten med diktsamlinga Lattermilde laken (1983) har forfattaren veksla mellom reine poetiske tekstar og prosatekstar. Også i prosatekstane for vaksne, som boka Maria (1985) og i huda er gud ein munn (1997), som forfattaren sjølv kallar poesiromanar, er skrivestilen oppattakande, intens og tett. Med knapp ordbruk og få stilgrep skaper Marit Kaldhol presise og tydelege, og samtidig dunkle og burleske, tekstar.

Kjelder

Tone Birkeland, Gunvor Risa og Karin Beate Vold: Norsk barnelitteraturhistorie. Oslo 2005

Marit Kaldhol, forfattarside, dagbladet.no, publisert 2003, http://www.dagbladet.no/forfatter/marit_kaldhol.html [lesedato 22.7.2009]

Marit Kaldhol, forfattarside, samlaget.no, http://www.samlaget.no/Forfattarar/K/marit-kaldhol.aspx [lesedato 22.7.2009 og 18.10.2016]

Svein Olav B. Langåker: «Her er dei ti beste nynorske ungdomsbøkene i dette årtusenet», framtida.no, publisert 5.11.2019: https://framtida.no/2019/11/05/her-er-dei-ti-beste-nynorske-ungdomsbokene-i-dette-artusenet [lesedato 6.11.2019]

Peikarar

Forfattarside om Marit Kaldhol på aasentunet.no

Først publisert: 22.07.2009
Sist oppdatert: 06.11.2019