Faktaboks

Marita Liabø

Marita Burmann Liabø

Fødd
26. juli 1971, Førde, Vestland
Marita Liabø.
Av /Samlaget.

Marita Liabø er forfattar, omsetjar og tekstar i NRK som skriv barnebøker og sosialrealistiske romanar på både nynorsk og bokmål.

Bakgrunn

Marita Burmann Liabø er fødd i Førde (no Sunnfjord) i Sogn og Fjordane (no Vestland). Ho er utdanna cand.philol., med hovudfag i engelsk frå Universitetet i Bergen i 1996, har norsk og litteraturvitskap i fagkrinsen og tok praktisk-pedagogisk utdanning i 2006. Ho har arbeidd i hotellbransjen, i Posten, som lærar, med utdanningsforsking og som tekstar i NRK.

Forfattarskapen

Ho debuterte i 1999 med romanen Tempus Fugit, og 2000 kom Brytning. Begge romanane er seriøse og samfunnskritiske og handlar om forholdet mellom mann og kvinne. Romanen Han liker meg (2001) handlar om menneskeskjebnar, medan Mafia (2004) handlar om backpackarar og rollespelet Mafia.

Etter fire romanar på bokmål kom dei neste på nynorsk. Pusteproblem (2014) handlar om ei kvinne som er i ferd med å miste kontrollen over livet sitt. Under brua (2006) er ein humoristisk og intelligent kjærleiksroman. Romanen Hoppe naken (2007) er ein frittståande og humørfylt etterfølgjar, karakterisert som ei blanding av ei vestlandsk folkelivsskildring og ein utviklingsroman.

Barnebøkene Vida Vagabond blir haimat (2009) er eit reiseeventyr, og Jenny blir knallhard (2010) handlar om å utfordre seg sjølv. Liabø har òg omsett fleire bøker frå engelsk, mellom anna barneboka Du er en fæl mann, herr Grim (2009) av Andy Stanton og fleire av fantasybøkene til Terry Pratchett.

Bibliografi

  • Pusteproblem (Roman, Samlaget, 2014)
  • Eit lite stykke kosmos (Dokumentarisk praktbok, Skald forlag, 2012)
  • Jenny blir knallhard (Barnebok, Samlaget, 2010)
  • Vida Vagabond blir haimat (Barnebok, Gyldendal, 2009)
  • Hoppe naken (Roman, Gyldendal, 2007)
  • Under brua (Roman, Gyldendal, 2006)
  • Mafia (Roman, Gyldendal, 2004)
  • Han liker meg (Roman, Gyldendal, 2001)
  • Brytning (Roman, Gyldendal, 2000)
  • Tempus Fugit (Roman, Gyldendal, 1999)

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg