Hopp til innhold
Mary Bente Bringslid
Mary Bente Bringslid
Foto: Universitetet i Bergen. Nytta etter avtale med universitetet.
X
Innhald

Mary Bente Bringslid

Mary Bente Bringslid, sosialantropolog og barnebokforfattar som har studert den moderne norske bygdekulturen og vore ein representant for den nye forskinga på eige samfunn innanfor sosialantropologien.

Bringslid er fødd i Molde i 1955. Ho vart cand.polit. i 1986 og dr.polit. i 1996. Sidan 1996 har ho vore førsteamanuensis ved Institutt for sosialantropologi ved Universitetet i Bergen.
 
Bringslid gav i 1990 ut boka «Home parties» i Sommarfjord, som handlar om kulturelle endringar på den norske landsbygda i 1980-åra slik dei kom til syne gjennom det den gongen nye fenomenet «salsselskap» («home party»). Denne forskinga er ført vidare i doktoravhandlinga Bygda og den framande. Ein studie av det lokales de- og rekontekstualisering i ei vestnorsk bygd (1996). Her analyserer Bringslid sjølvforståinga hos bygdebuarar gjennom førestellingane deira om «det lokale» som geografisk, kulturell og politisk storleik.
 
Bringslid har gitt ut tre barnebøker: Dei blå revane (2003, heidra med Kultur- og kyrkjedepartementets debutantpris), Hunden Parabol tenkjer på månen. Dikt for barn (2006) og Stankelbeinskrift på veggen (2009).

Først publisert: 12.11.2009
Sist oppdatert: 11.04.2018