Hopp til innhold
X
Innhald

Mary Hegge

Mary Braa Hegge var lærar og forfattar, busett på Inderøy. Ho skreiv barnebøker, noveller og andre forteljingar og var ein mykje brukt kåsør og prologskrivar i bygda.

Mary Hegge var fødd 20. januar 1908 og døydde 2. desember 2001. Ho voks opp på ein gard på Byneset i Sør-Trøndelag. Etter lærarskule i Levanger i 1930 blei ho tilsett som lærar ved Garten skule på Ørlandet. Deretter kom ho til Vinge skule i Skatval. Frå 1940 til ho slutta i skuleverket i 1964, arbeidde ho i skulen på Inderøy, lengst på Sakshaug skule. Som lærar var ho sterkt oppteken av elevar som hadde lese- og skrivevanskar, og gav dei ekstraundervisning. Ho meinte at dei kunne vere like flinke som dei andre, berre dei fekk hjelp. Mannen, Ole Hegge, var òg lærar, og frå 1945 budde dei på tettstaden Straumen.

Ho var aktiv i kvinnesaksrørsla og skreiv mellom anna prologen til Inderøy sanitetslags 50-årsjubileum.

Hegge tok til å skrive noveller for kvinnebladet Urd i 1941. Ho brukte då psevdonymet Mari Bru. Ho skreiv òg noveller i Nynorsk vekeblad, og gjennom mange år skreiv ho juleskisser i Inntrønderungdommen og Jul i Trøndelag. Handlinga i desse stykka dreidde seg ofte om dei snille som hjelpte dei svake, med handlinga lagt til hennar eigen barndom. Ho skreiv dessutan dikt i Adresseavisen.

Hegge skreiv to barnebøker tidleg i 1950-åra, Beritungen i 1951 og Beritungen får nye vener i 1952. Språket i bøkene er ein mellomting mellom trøndsk og normert nynorsk. Handlinga går føre seg på ein gard først på 1900-talet og byggjer på barndomsminne frå oppveksten på Byneset. Handlinga krinsar om moralske tema som rettferd og hjelp til dei svake i samfunnet. For Beritungen fekk ho pris frå Kyrkje- og undervisningsdepartementet.

Kjelder

Per Egil Hegge, samtale 15.12.2017

Liv Skogset Værdal (red.): Inderøybøkene. Heim og Folk, bd. 5: Sakshaug, del II, s. 31. Inderøy museums- og historielag 2011

Peikarar

Mary Hegge: Beritungen. Oslo 1951. Tilgjengeleg i Bokhylla, nb.no

Mary Hegge: Beritungen får nye vener. Oslo 1952. Tilgjengeleg i Bokhylla, nb.no

Først publisert: 02.02.2018
Sist oppdatert: 02.02.2018