Faktaboks

Mona Fossdal
Fødd
13. april 1970, Vaksdal, Vestland
Mona Fossdal
Mona Fossdal
Privat foto.

Mona Fossdal er grafisk formgivar og illustratør, forfattarar og lektor. Ho har illustrert og skrive fleire barnebøker. Ho blandar det visuelle og det musikalske til ein heilskap.

Bakgrunn

Mona Fossdal er fødd i Vaksdal i Hordaland (no Vestland). Ho har hovudfag frå Kunsthøgskulen i Bergen, der ho blei uteksaminert i 1994. Frå Høgskulen i Sogn og Fjordane (no Høgskulen på Vestlandet) har ho pedagogisk utdanning, i tillegg til ei rekkje andre fag. Fossdal arbeidde som lektor ved Mo og Jølster vidaregåande skule i perioden 1995 til 2014 og har sidan 2014 hatt stilling som avdelingsleiar i mediefag og formgivingsfag ved Hafstad vidaregåande skule i Førde i Sunnfjord.

Forfattarskapen

Ho debuterte i 2012 med barneboka Gekkoen Arne og den prikkete paraplyen om gekkoen Arne som drøymer om å vere ein sommarfugl. I eit intervju fortel ho at ho hadde ein idé om å lage ei bok med jungelmotiv, og at Arne blei nettopp ein gekko fordi namnet kling så fint. På denne måten prøver ho å nytte eit heilskapsperspektiv som inkluderer både det musikalske og det visuelle når ho skal skape eit univers som barn blir inviterte inn i.

Same året gav ho ut ABC-boka Bokstavene fra A til Å på Publica forlag. Der er alle illustrasjonane på ein finurleg måte sett i hop av bokstavteikn. Teknikken blir kalla kalligram. I flesteparten av bøkene har Fossdal stått for både forteljinga, illustrasjonane og formgivinga.

Bibliografi

  • Bokstavene fra A til Å (Barnebok, Publica, 2012)
  • Gekkoen Arne og den prikkete paraplyen (Barnebok, Publica, 2012)
  • Klokkeboken: lær klokken med rim! (Barnebok, Publica, 2013)
  • Robotar er ikkje som deg og meg (Barnebok, Publica, 2013)
  • Gøy å lære klokka (Barnebok, Juritzen jr., 2014)
  • Den gule døren (Barnebok, Juritzen jr., 2014)
  • Ingen spøk å telle til 13 (Barnebok, Juritzen jr., 2014)
  • Jimi rocker skogen (Barnebok, Barnebokforlaget, 2014)
  • Fargeglade vampyrer (Barnebok, Vigmostad & Bjørke AS., 2016)
  • Bak den grønne døren (Barnebok, Vigmostad & Bjørke AS., 2017)

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg