Hopp til innhold
X
Innhald

Norunn Askeland

Norunn Askeland er tekst- og skriveforskar. Ho har skrive ei rekkje lærebøker og gav i 2009 ut ei idébok om nynorsk i norskundervisninga.

Norunn Askeland er fødd 3. juli 1951 i Davik i Nordfjord. Ho gjekk engelsklinja på Eids (toårige) gymnas på Nordfjordeid og tok examen artium våren 1970. Ho tok lærarprøva ved Oslo offentlige lærerskole i 1974 og studerte i 1981 samfunnsfag ved Høgskolen i Telemark. Ved Universitetet i Oslo tok ho i 1984 nordisk hovudfag, og i 1987 tok ho eksamen i litteraturvitskap grunnfag same staden. Med ei avhandling om kommunikasjon i lærebøker for ungdomsskulen disputerte ho til doktorgraden i 2008. Frå 1996 var ho førstelektor, og frå 2008 har ho vore tilsett som førsteamanuensis i norsk ved Høgskolen i Vestfold. Ho har arbeidd som lærar i grunnskulen, i den vidaregåande skulen og i lærarutdanninga. Askeland var med og utvikla eit masterstudium i faglitterær skriving ved Høgskolen i Vestfold, som er unikt i Norden. Ho var forlagssjef for Norsk Barneblad i 1988. Før det var ho redaktør i Aschehoug forlag frå 1984 til 1987.
Askeland har vore med på å skrive ei rekkje lærebøker i norskfaget, og i 2003 var ho medforfattar av boka Tekst i tale og skriftinnføring i tekstarbeid, skriven for studentar i norsk. I lag med Cecilie Falck-Ytter gav ho ut boka Nynorsk på nytt. Ei idébok for studentar og lærarar. Boka kom ut i LNUs skriftserie i 2009 og inneheld mange tips om korleis nynorskundervisninga kan vere morosam.
Frå 1998 har ho vore spaltist i Tønsberg Blad. Ho har hatt ei mengd verv, mellom anna som medlem av fagnemnda for nynorsk i Norsk språkråd i 2003–2004.
Kjelder
Norunn Askeland og Cecilie Falck-Ytter: Nynorsk på nytt. Bergen 2009
E-post frå Norunn Askeland 21.02.2010
Biografi om Norunn Askeland, Høgskolen i Vestfold, hive.no, sist oppdatert 15.04.2010, http://www-lu.hive.no/ansatte/na/ [lesedato 16.03.2010]

Først publisert: 16.03.2010
Sist oppdatert: 03.05.2013