Hopp til innhold
 Oddgeir Bruaset, foto: Nordiske Mediedager, flickr.com CC BY
Oddgeir Bruaset, foto: Nordiske Mediedager, flickr.com CC BY
X
Innhald

Oddgeir Bruaset

Oddgeir Bruaset, journalist, programskapar og forfattar. Gjennom ei rekkje fjernsynsprogram og bøker har han formidla historiene til folk som bur og har budd på avsidesliggjande stader, mellom anna gjennom fjernsynsserien «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu».

Bruaset vart fødd 10. desember 1944 i Måndalen i Rauma. Han tok utdanning ved Lærarskulen i Volda 1965–67 og tilleggsutdanning som adjunkt med historie og norsk ved Universitetet i Bergen 1968–70. I 1967–68 og 1970–71 arbeidde han som lærar i Volda. Sidan 1971 har han vore tilsett i NRK Møre og Romsdal, først som programsekretær i radio, sidan 1982 i fjernsynsavdelinga. I 2015 gjekk han av med pensjon. I tillegg har han vore frilansar innan videoproduksjon for Berge Film og TV-produksjon 1985–96.
 
Bruaset har også reist mykje rundt som foredragshaldar og kåsør for Folkeakademiet. Han har skrive ei rekkje dokumentarbøker, deriblant fleire med same tema som serien «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu».
 
Mangfaldig produksjon
Bruaset står bak ei rekkje større fjernsynsproduksjonar. Han har mellom anna laga dokumentarprogram om Rødseth-saka – om sunnmøringen Sveinung Rødseth, som vart dømd for å ha skadd dottera si slik at ho døydde. Rødseth vart seinare frikjend, og saka har ofte blitt dregen fram som eit eksempel på justismord i Noreg.
 
Av Bruaset sin produksjon bør også nemnast dokumentarfilmane om målhøvdingane Arne Garborg og Ivar Aasen. Filmen om sistnemnde har vore mykje brukt i undervisningssamanheng, og ein redigert versjon av han blir vist til besøkjande ved Ivar Aasen-tunet i Hovdebygda.
 
Sjå video frå NRK Skole: "Forfattaren Ivar Aasen" av Oddgeir Bruaset:
 
 
 
Historier om veglause fjord- og fjellgardar
Oddgeir Bruaset har vist stor fascinasjon for folk og bustader på avsidesliggjande stader. Det byrja med dokumentarfilmen Der elden slokna. Livet på fjellhyllene og boka Folket i Storfjorden (begge 1991). Boka kom seinare ut i fleire nye versjonar og vart trykt i fleire opplag.
 
Seinare gjekk så Bruaset i gang med serien «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu», der han tok føre seg menneske busette utanfor allfarveg over heile landet. Serien kombinerer nærgåande personportrett med bilete av vakker natur som blir formidla i eit roleg tempo akkompagnert av stemningsskapande musikk. Den vart send på NRK 1 frå desember 2002 til hausten 2005, og igjen frå vinteren 2008. Serien fekk høge sjåartal og vart i 2008 tildelt prisen Gullruten for beste magasin- eller livsstilsprogram. Bruaset gav i 2005 ut ei bok med same tittel som serien, det har vorte laga julehefte med same tema og han har dessutan skrive fleire andre bøker om det same temaet der han tek føre seg ulike distrikt: Hardanger, Sogn og Nordfjord. Bruaset leia dei første 15 sesongane om serien.
 
Den store populariteten Bruaset har oppnådd gjennom fjernsynsprogramma og bøkene sine om lagnader på vanskeleg tilgjengelege utkantar, har truleg samanheng med at historiene på mange vis speglar myten om det urnorske. Han skaper portrett av menneske som lever nær naturen, og som anten har forkasta eller ikkje teke fullt ut skrittet inn i det moderne samfunnet.
 
Historia om julesongane
Oddgeir Bruaset har også interessert seg for korleis julesongane våre vart til. I 2000 gav han ut boka Det var midt i julenatt, der han fortel historia bak 14 av dei mest kjende songane og om opphavsmennene deira. Denne boka er også utgitt som lydbok, og i 2001 laga han programmet Stille natt, som har blitt sendt i jula fleire gonger sidan. Songane blir framførde av artistar som Inger Lise Rypdal, Ingeborg Hungnes, Oslo Gospel Choir, SKRUK og Sølvguttene.
 
Kultur- og naturhistoriske skildringar
Forutan dei nemnde titlane har Bruaset skrive bok om den store nyttårsorkanen i 1992 (Orkanen, 1992) og han har skrive teksten til fleire illustrerte praktbøker (Jostedalsbreen (1996), Romsdal. Folket og landskapet (1997) og Geiranger. Juvel i fjordlandet (2001). Han har skrive fleire jubileumsbøker for bedrifter på Sunnmøre, og i Fargerike romsdalingar (1998) har han portrettert personar frå Romsdalen som har utmerkt seg på ein eller fleire måtar. Om Sunnmøre har han skrive dei kulturhistoriske skildringane Sunnmøre og sunnmøringen (1999) og Arven. Ei vandring i sunnmørsk kulturhistorie (2007).
 
Prisvinnar
Bruaset har vunne ei rekkje prisar, mellom andre Sunnmørsprisen i 1991, Kringkastingsprisen 1993 og Fylkeskulturprisen i Møre og Romsdal i 1999. I 2003 fekk han Alf Helleviks mediemålpris for målføringa si i «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu». Det vart då påpeika at han held seg til ein mønsterverdig nynorsk som ligg trygt innanfor læreboknormalen. I 2007 fekk han dessutan Ålesund by sin kunstnarpris for sitt mangeårige arbeid med skildringar av Ålesund og Vestlandet, og Familie og Medier sin heiderspris Medierosa.
 
I januar 2009 fekk han Kongens fortenestmedalje i sølv. I 2013 vart Oddgeir Bruaset heidra med Norsk kulturarvs ærespris.
 
Kjelder
www.nrk.no Bruaset fekk Norsk kulturarvs ærespris 20.12.13
 

Først publisert: 19.11.2009
Sist oppdatert: 10.12.2019