Hopp til innhold
X
Innhald

Oddleif Fagerheim

Oddleif Fagerheim, lærar og politikar frå Fjaler. Politisk stod han langt ute på venstresida i Arbeidarpartiet. Han brann for folkeopplysning og kultur, og ei av hjartesakene hans var nordisk samarbeid.
Fagerheim var fødd 20. september 1911 i Fjaler og døydde 11. desember 1999 same staden. Han tok lærarskuleeksamen i 1934 og arbeidde seinare ved framhaldsskulen i heimbygda Dale. Frå 1943 til 1969 var han styrar ved den private Falchs Pensjonat- og Middelskole, og frå 1960 til 1964 var han styrar for den nyskipa ungdomsskulen i Fjaler. Mange elevar minnest han som ein særprega og engasjert lærar og talar.
 
Den politiske karrieren til Fagerheim tok til i det lokale partilaget til Arbeidarpartiet i 1930-åra, og han var medlem av kommunestyret i Fjaler heilt frå 1937 til 1975. Frå 1969 til 1981 var han stortingsrepresentant. Fagerheim utgjorde eit radikalt uromoment i AP. Han hadde studert sosialisme i Sverige, var motstandar av NATO og norsk EU-medlemskap og engasjerte seg sterkt i miljøspørsmål. Ved stortingsvalet 1989 stilte han som toppkandidat for Miljølista, utan å komme inn. Etter dette vart han ekskludert frå AP.
 
Fagerheim hadde fleire studieopphald i Danmark og Sverige for å studere frivillig folkeopplysningsarbeid. Han og kona gav bort eigedommen sin på Dalsåsen i Fjaler til Nordisk Råd for at det skulle byggjast ein nordisk folkehøgskule der. I staden kom Nordisk Kunstnarsenter, som vart opna i 1998. Fagerheim var ein framståande formidlar av Jakob Sande si dikting. I 1991 fekk han Sogn og Fjordane sin fylkeskulturpris.
 
Peikarar
Biografi om Oddleif Fagerheim, stortinget.no 

Først publisert: 30.06.2009
Sist oppdatert: 26.08.2010