Hopp til innhold
X
Innhald

Olaus Islandsmoen

Olaus Trondsson Islandsmoen, folkehøgskulestyrar og mållagsleiar.
Islandsmoen var fødd i Bagn i Valdres 22. februar 1873 og døydde 28. oktober 1949. Etter nokre år som huslærar, to års jusstudium og med cand.philol. frå 1902 arbeidde han ved Valdres folkehøgskule før han i 1906 skipa Vestoppland folkehøgskule på Brandbu. Denne skulen styrte han til 1939. Då tyskarane tok over skulen, hadde han to gardsbruk og tre museum han framleis kunne drive.
 
Han var stortingsrepresentant (Arbeiderdemokratene) frå Valdres 1915–18.
 
Islandsmoen var formann i Noregs Høgskulelærarlag frå 1920, ei tid også styreformann i Andvake og formann i Noregs Mållag 1917–21, der han også var æresmedlem.
 
Kjelder
Ottar Grepstad: Viljen til språk. Ei nynorsk kulturhistorie. Oslo 2006

Først publisert: 08.09.2009
Sist oppdatert: 27.08.2010