Hopp til innhold
X
Innhald

Olav Randen

Olav Randen, geitebonde og forleggjar. Han er ein moderne mangesyslar som maktar å gjere det han held på med, viktig også for andre.
Randen er fødd i Ål i Hallingdal 25. april 1948. Etter å ha blitt mag.art. i sosiologi ved Universitetet i Oslo i 1972 har han mellom anna arbeidd som forskingsstipendiat, vikarlærar og journalist. Frå 1982 har hovudyrket vore småbrukar med geit og sau på Ellingsgard i Ål.
 
I 1997 skipa han forlaget Boksmia, med kontor og boklager i låven på garden. Til og med 2007 hadde forlaget gitt ut 23 bøker, av dei 16 på nynorsk. Den første boka frå forlaget var hans eiga Farvel til språkmangfaldet (1997). Her var han den første som på norsk gav eit breitt oversyn over språksituasjonen i heile Europa. Randen har òg skrive historieverket Brøyte seg rydning. Om bureisingstid og bureisarliv (2002).
 
Randen var leiar i Noregs Mållag 1994–97.
 
Kjelder
Ottar Grepstad: Viljen til språk. Ei nynorsk kulturhistorie. Oslo 2006

Først publisert: 08.09.2009
Sist oppdatert: 31.08.2010