Hopp til innhold
Olav Sletto
Olav Sletto
Foto: Norsk Allkunnebok. Nytta etter avtale med Nasjonalbiblioteket og Nynorsk kultursentrum
X
Innhald

Olav Sletto

Olav Sletto, forfattar. Han var læraren som heldt over 2000 foredrag.

Sletto var fødd i Hol i Hallingdal 21. juni 1886 og døydde 24. oktober 1963. Etter å ha teke utdanning ved fleire høgskular og universitet arbeidde han som lærar ved Buskerud folkehøgskule 1917–23. Han var styrar og eigar same staden 1923–29 og styrar ved Romerike ungdomsskule 1929–40.
 
Han debuterte med romanen Dei gamle (1908) og skreiv mange romanar og skodespel fram til den siste romanen, På Alderstun (1963). Eit særleg inntrykk gjorde barnebokserien som blei kalla Per-bøkene, fire bøker som kom i 1939–42.
 
Sletto var ein svært etterspurd foredragshaldar og heldt over 2000 foredrag utanom skulearbeidet sitt. Han var med i Norsk Måldyrkingslag, som blei skipa i 1928.
 
Frå1960 hadde han Statens kunstnarløn.
 
Kjelder
Ottar Grepstad: Viljen til språk. Ei nynorsk kulturhistorie. Oslo 2006
 
Vidare lesing
Austbø, Johan: Olav Sletto : ein studie, 1923
Bæra, Gunnar: Olav Sletto : en bibliografi, 1973
Dale, Johs A. & Lars Reinton, red.: Ei bok om Olav Sletto, 1966
Norsk biografisk leksikon 2. utg.

Litteraturliste utvikla av Nasjonalbiblioteket for Allkunne 2011
Tilrettelagt og oppdatert av Allkunne

Først publisert: 16.06.2009
Sist oppdatert: 01.06.2012